Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Kyrre Grepp

Olav Kyrre Grepp, 1879–1922, var pressemann og politikar for Arbeidarpartiet. Han var gift med Rachel Grepp. Kyrre Grepp var redaktør for vekebladet Vor tid frå 1908. Saman med Martin Tranmæl var han ein av dei leiande personane innanfor den revolusjonære delen av arbeidarrørsla. Frå 1918 var han formann i Arbeidarpartiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.02.2016
Sist oppdatert: 03.02.2016