Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Johan Grønskag

Ole Johan Grønskag, multikunstnar frå Bremanger som rakk å gi ut éi bok før han døydde, berre 32 år gammal.

Ole Johan Grønskag var fødd i Kalvåg 2. juli 1972 og døydde 7. mai 2004. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men hadde aldri noka yrkeskarriere bygt på utdanninga. Grønskag var eit kunstnarleg multitalent, med givnad i fleire kunstarter, særleg måling, musikk og skriving.
Grønskag debuterte som dramatikar i 2003 med (filantropicana), med undertittelen «ei berøring av forsvinningspunkt» (Skald forlag). Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane teater same året. (filantropicana) er eit lyrisk drama med episk tråd, der ein einsam outsider fører ordet. Teksten er eksperimenterande i forma – ein splintra monolog som gjennom repetisjonar, rytme og metaforar utforskar ei subjektiv historie med undertonar av mørke og sakn. I rollene møter vi «Han – ein heilt alminneleg tapar» og «Venen – nokon som kunne besøkt han».
I 2004 sette Sogn og Fjordane teater opp Siste dagar sett, også dette ein scenisk utfordrande monolog om kjærleik og lengt, med ei kvinne i hovudrolla.
I 2008 blei Ole Johan Grønskags minnestipend delt ut første gongen. Bak stipendet står Bremanger kommune, Sogn og Fjordane teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Stipendet kan delast ut til skapande og utøvande kunstnarar i alle kunstartar, yngre enn 30 år, som har vore busette i Sogn og Fjordane i minst ti år. Første året gjekk stipendet til forfattaren Brynjulf Jung Tjønn, i 2009 til Lillian Samdal, biletkunstnar og musikar.
Kjelder
Samtalar med Gerda Frøyen og Terje Lyngstad

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018