Hopp til innhold
X
Innhald

Ørnulf Gulbransen

Ørnulf Gulbransen, 1916–2004, var fløytist. I 1955–70 var Gulbransen solofløytist i Filharmonisk Selskaps Orkester. Han var også primarius for Den Norske Blåsekvintett i 1952–71. Mellom 1975 og 1984 verka han som professor ved Noregs musikkhøgskule. Gulbransen heldt ei rekkje solist- og kammerkonsertar i Europa, USA og Midtausten. Han vart verdskjent som fløytist og pedagog.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2013
Sist oppdatert: 07.11.2013