Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Oskar Jarle Grimstad

Oskar Jarle Grimstad, dagleg leiar, disponent og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal sidan 2009.

Oskar J. Grimstad er fødd 8. november 1954 i Hareid i Møre og Romsdal. Etter framhaldsskule på Hareid i 1968–69 var han fiskar ved Grønland i 1969–70, sjømann i utanriksflåten i 1970–71 og sveisar ved Hjørungavåg verksted i 1972–76. Han var dagleg leiar ved Sveiseservice i 1976–80, dreiv sitt eige firma, Grimstad Blikkenslagerverksted, i 1980–2007 og var disponent ved Beslag & Ventilasjon i 2007–09. I perioden 2009–13 er han vald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal og Grimstad fekk attval til Stortinget i 9. september 2013.
Grimstad var kommunestyremedlem i Hareid for Framstegspartiet i 1991–2007, varaordførar i 1999–2003 og medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal i 1995–2009. Han var nestleiar i Møre og Romsdal FrP i 1991–94, leiar i 1994–99 og frå 2010. I perioden 1999–2008 var han medlem av sentralstyret i Framstegspartiet. I periodane 1997–2001 og 2005–09 var han vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal, før han blei fast representant i 2009. Har er medlem av energi- og miljøkomiteen. Politisk er Grimstad oppteken av fornybar energi, vasskraft og infrastrukturen i Noreg.
Av offentlege verv har han mellom anna vore leiar av styret for Fjord1 MRF i 2004–08, leiar av styret for Hareid Næringsforum i 2006–08, medlem av styret for Innovasjon Noreg, Møre og Romsdal i 2004–07 og Helse Midt-Noreg i 2006–10. I 1980–85 var han leiar av styret i Hareid og Ulstein JCI (Junior Chamber International). Grimstad blir referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Oskar J. Grimstad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OG [lesedato 22.11.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 10.09.2013