Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Gauguin

Paul Gauguin, 1848–1903, var fransk målar.

Gauguin var først påverka av impresjonismen og arbeidde seinare ein periode saman med van Gogh. Etter kvart gjorde han bruk av mange inspirasjonskjelder: folkekunst frå Bretagne, japanske tresnitt, romanske glasmåleri og særleg levesettet og folkekunsten på stillehavsøyane. Gauguin introduserte ei ny retning i målarkunsten, syntetisme, som legg vekt på forenkla former, jamne, flate fargeområde, kraftige konturar og rytmiske mønster i eit ekspressivt og symbolsk formspråk. Gauguin slo seg ned på Tahiti i 1891 og måla der det kjende biletet Kvar kjem vi frå? Kva er vi? Kvar går vi? (1897). 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017