Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Martinus Gjærder

Paul Martinus Gjærder, sjølvlærd bladmann og boktrykkjer som stor i fremste rekkje blant idealistane som bygde grunnmuren til den nynorske pressa på slutten av 1800-talet.

Paul Martinus Gjærder (opphavleg Gjerde) var fødd i Syvde på Sunnmøre 2. mars 1862 og døydde 23. februar 1940. I 1880–1882 gjekk han to vintrar på den høgare allmennskulen i Volda. Sidan mange andre på skulen heitte Gjerde, valde han å endre etternamnet sitt til Gjærder. I skuletida byrja han å skrive dikt, men fann ingen som ville trykkje dei. Då han seinare kom til Bergen, såg han pressa til Bergens Tidende, teikna henne av og fór tilbake til Syvde. I samarbeid med ein smedkunnig sambygding bygde han si eiga presse i 1886. Ho var i bruk i tjue år og står i dag på Sunnmøre Museum.
I 1886 byrja Gjærder å gi ut sitt eige blad, Fjellblomar, der alt, bortsett frå tittelen, var skrive på dansk. Året etter tok han med seg trykkjeriet til Volda, og i 1887 vart Fjellblomar slege saman med Vestmannen, og var frå no av eit reint målblad. Bladet hadde heile 500 tingarar, men inntektene svikta, og i 1889 tok Gjærder med seg familien og trykkjeriet til Tynset, der han mellom anna trykte Fedraheimen. Heller ikkje her fekk han økonomien på fote og måtte gi opp i 1890. Frå 1892 til 1896 var han utgivar for venstrebladet Søndmøringen, som kom ut i Volda.
I tillegg til den journalistiske verksemda si skreiv Gjærder dikt, bøker og skodespel. Den første boka, De livsforspilde fremmede, gav han ut på eige forlag i 1887. I 1900 kom Nirvana. Det ævelege ingenting. Det ævelege alt. Eit draumsviv, ei forteljing med innslag av filosofi og samfunnskritiske tankar. I 1901 gav han ut skodespelet Fru Ragnhild Erlingsdotter til Giske, med emne frå historia.
Gjærder hadde òg musikalske evner og komponerte slåttar, skreiv ned folketonar frå Sunnmøre og Nordfjord og gav ut songhefta «Myllarguten» og tidsskriftet Norsk Toneblad (1910–18).
 
Kjelder
Jostein Krokvik: «P.M. Gjærder (1862–1940)», Tidsskrift for Vanylven sogelag 1987
Haakon M. Fiskaa: «P.M. Gjærder», Historieportal, pergjendem.com, http://www.pergjendem.com/?p=55 [lesedato 14.06.2010]
Arthur Klæbo: «Book-publisher Paul Martinus Gjærder», Historieportal, pergjendem.com, http://www.pergjendem.com/?p=175 [lesedato 14.06.2010]

Først publisert: 14.06.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013