Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Peter Gitmark

Peter Skovholt Gitmark, siviløkonom og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder. Han var den yngste stortingsrepresentanten frå Sørlandet gjennom tidene då han blei vald inn som 24-åring i 2001.

Peter S. Gitmark er fødd 15. april 1977 i Kristiansand. Han gjekk på Kristiansand katedralskole i 1993–97 og er siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen i 2003.
Gitmark var leiar av Vest-Agder Unge Høgre i 1996–98, medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 1998–2000, representant for Høgre i Vest-Agder fylkesting i 1999–2003 og leiar av Vest-Agder Høgre i 2004–08. Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2001–05, men møtte fast for statsråd Ansgar Gabrielsen heile perioden. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder 2005–13, og arbeider som seniorrådgjevar for kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller.
Dei viktigaste politiske sakene hans var å kjempe mot diktatur, for menneskerettar, med vekt på Afrika, synleg politi, miljø og vegutbygging. Sidan 2013 har han jobba i Amrop, der han er partnar.
Gitmark var med i styret for Vest-Agder NGS i 1995–97 som økonomiansvarleg og politisk nestleiar, medlem av styret i International Young Democrat Union i 2003–04, nestleiar i 2004–06 og leiar i 2006–09, og visepresident i det internasjonale styret for Atlantic Association of Young Political Leaders (AAYPL) i 2008–09. Han er styremedlem i Europabevegelsen i Vest-Agder, medlem av representantskapet i
i Stefanusalliansen sidan 2011 og var med å starte opp Sørlandsnettverket i 2011.
Kjelder
Bloggen til Peter Gitmark: http://petergitmark.no/ [lesedato 28.2.2012]
Peter S. Gitmark, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=PEG [lesedato 28.2.2012]
Jannecke Beyer Guttormsen: «Sørlandsnettverket skal skape resultater!», hoyre.no, publisert 21.11.2011: http://www.hoyre.no/S%C3%B8rlandsnettverket+skal+skape+resultater!.d25-TMdbG5R.ips [lesedato 8.11.2013]
Peikarar

Først publisert: 08.11.2013
Sist oppdatert: 10.06.2014