Hopp til innhold
X
Innhald

Pétur Gunnarsson

Pétur Gunnarsson, fødd i 1947, er ein islandsk forfattar. Han har ein mastergrad i filosofi frå Université d’Aix-Marseille (1975). Romanen punktur punktur komma strik (1976) er ei islandsk oppvekstskildring som blei svært populær og seinare filmatisert, første bok i ein tetralogi som heldt fram med Ég um mig frá mér til mín (1978), Persónur og leikendur (1982), Sagan öll (1985). Gunnarsson har òg skrive romanane Heimkoma (1997) og Myndin av heiminum (2000), og han har omsett franske klassikarar til islandsk, til dømes Gustave Flauberts Madame Bovary og første band av Marcel Prousts På sporet av den tapte tid, i tillegg til bøker av den austerrikske forfattaren Peter Handke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016