Hopp til innhold
X
Innhald

Runar Gudnason

Runar Gudnason er rappar og frontfigur i hiphop-gruppa Side Brok.

Runar Gudnason er fødd i Trondheim 21. januar 1972. Han er islandsk statsborgar, men voks opp i Hovdebygda i Ørsta. Han har budd i Danmark sidan 1995, dei første åra i Aalborg, i København frå 2000. I siste halvdel av 1990-åra studerte Gudnason språk og media i tre år (1996–1999) ved Universitetet i Aalborg. I denne perioden hadde han fleire ulike jobbar, mellom anna innanfor film og fjernsyn. Frå 2001 har musikk vore hovudgeskjeften hans.
Som tenåring var Gudnason interessert i hiphop, men han skreiv ikkje eigne tekstar før han flytta til Danmark. Tekstane vart ikkje framførte før hiphop-gruppa Side Brok vart starta i 2000. Innhaldet i tekstane er intelligent, originalt, satirisk og humoristisk. Tekstane handlar om heimstad, identitet og kvardagsliv, og Gudnason har skrive spesielt om rånemiljøet i Ørsta og Volda.
På scena med Side Brok figurerer Gudnason som artisten Sjef R og alter egoet Torstein Hyl III. Sjef R er hovudkarakteren, medan Torstein Hyl III kjem inn med sterkare, skarpare og mindre nyanserte meiningar enn Sjef R.
I tillegg til å arbeide som musikar og låtskrivar har Gudnason arbeidd med born og unge, mellom anna ved å halde skrivekurs og rapp- og hiphop-kurs. I 2005 var han medregissør på dokumentarfilmen «Cph remix», ein film om ulovleg gatekunst i København. I 2013 var han regissør for Teatret Vårt si oppsetjing av teaterstykket Lilla av Jon Fosse.
Kjelder
«Hjerte og hjerne», Klassekampen 06.06.2009
«Side Brok vender hjemover», Nationen 08.02.2006
«Rapparane gir jernet på norsk», Bergens Tidende 16.07.2008
Karin Rykkje: «Frå rapp til teater», smp.no, publisert 23.1.2013, http://www.smp.no/kultur/article6993519.ece [lesedato 14.10.2013]
Peikarar
Heimesida til Side Brok

Først publisert: 28.04.2010
Sist oppdatert: 14.10.2013