Hopp til innhold

Sigmund Groven

Sigmund Groven er musikar, komponist og ein av dei fremste munnspelartistane i verda. Bak seg har Groven ei rekkje plater med eigne komposisjonar og tolkingar av populære låtar, folkemusikk og klassiske stykke, til dømes «Vårsøg», frå albumet Songar utan ord frå 1984.

Sigmund Groven er fødd 16. mars 1946 i Heddal i Telemark og voks opp i ein musikalsk familie. Det var då han som niåring høyrde den kanadiske munnspelartisten Tommy Reilly (1919–2000) på radio, at han blei interessert i munnspel. Og frå 1960 studerte Groven hos Reilly i London. Dei heldt konsertar saman og spela i 1976 inn plata Music for two harmonicas.
I 1969 blei Groven cand.mag., med mellomfag i engelsk, historie og statsvitskap ved Universitetet Oslo. Groven arbeidde i fleire år i NRK som kanalvert, omsetjar og produsent. Han debuterte som munnspelartist i NRK i 1965 og er ofte blitt spela i radio og på fjernsyn. Tolkinga hans av Henning Sommeros «Vårsøg», lenge brukt som kjenningsmelodi for radioprogrammet Nattønsket på NRK, er mellom dei mest folkekjære innspelingane til Groven.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Sigmund Groven spelar «Vårsøg»
Munnspelartisten Groven har ei internasjonal solistkarriere som strekkjer seg frå konsertar i Carnegie Hall i New York til listeplasseringar i Korea. Han er ein av dei fremste utøvarane i verda på kromatisk munnspel og har gjennom karrieren arbeidd for å auke statusen til munnspelet som instrument. I 2002 blei han den første munnspelartisten som heldt konsert saman med Mozarteum-orkesteret i Salzburg.
Komponistkarrieren til Groven omfattar over 350 komposisjonar og spenner frå større verk som Vinland Suite (1986) og Til Telemark (1994) til musikken til fjernsynsserien Vi på Langedrag (2001).
Groven har fått ei rekkje prisar gjennom karrieren, den første i 1984 for Årets verk frå Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA). Etter suksessen i USA blei han i 1991 tildelt æresborgarskap i Texas. I 2002 blei han æresmedlem av NOPA, og han fekk Klaus Egges minnepris i 2009. Året etter (2010) fekk han Statens stipend for eldre fortente kunstnarar, eit årleg stipend som varer livet ut.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Sigmund Groven og Iver Kleive (kyrkjeorgel)
 
Kjelder
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
«Munnspillet foran sin renessanse?», VG 22.01.1969
Heimesida til Sigmund Groven: http://www.sigmundgroven.com/ [lesedato 9.10.2012]
«Groven, Sigmund», Norsk musikkinformasjon, mic.no: http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2003121611443924385442 [lesedato 9.10.2012]
Peikarar
Diskografi på heimesida til Groven: http://www.sigmundgroven.com/
Om Groven på rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/artister/sigmund_groven-14888/
 

Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 31.03.2014