Hopp til innhold

Steinar Gimnes

Steinar Olav Gimnes, forskar i nordisk litteratur ved NTNU i Trondheim. Han er ein profilert litteraturformidlar og har gitt ut ei rekkje bøker om norsk litteratur.

Steinar Gimnes er fødd 1. november 1939 på Gjemnes på Nordmøre. Han har studert ved universiteta i Oslo, Bergen og Exeter, England. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1967. I åra 1968–1969 var han lektor ved Bergen Katedralskole og i 1969–1972 universitetslektor i Odense, Danmark. Sidan hausten 1972 har han vore amanuensis, førsteamanuensis og professor ved Nordisk institutt, Norges teknisk-naturvitskaplege universitetet.
Som profilert litteraturformidlar har Gimnes gitt ut ei rekkje bøker om norsk litteratur. Han har spesielt arbeidd med forfattarskapane til Knut Hamsun, Cora Sandel og Tarjei Vesaas.
I 1973 var han redaktør for samlinga Barnet som elsket veier, som var ei bok med noveller og forteljingar skrivne av Cora Sandel. Desse tekstane hadde ikkje vore gitt ut i bokform tidlegare. Gimnes var òg redaktør for antologien Kunstens fortrolling (2002), som er nylesingar av Tarjei Vesaas sin forfattarskap.
I 1998 gav Gimnes ut Sjølvbiografiar. Skrift, fiksjon og liv, og her tek han tak i viktige spørsmål rundt denne litterære sjangeren, til dømes tilhøvet mellom skrift og røyndom og spørsmål om roller og identitet.
I 2009 kom Dobbeltblikk på Vesaas, som er eit festskrift til Gimnes. Den siste delen av boka inneheld artiklar som han sjølv har skrive. Her finn vi òg teksten «Veien til livsverket», som handlar om Steinar Gimnes. Denne artikkelen er skriven av redaktørane av festskriftet, Sarah J. Paulson og Rakel Christina Granaas.
Steinar Gimnes har opp gjennom åra vore med og redigert ei rekkje bøker. Saman med Jorun Hareide stod han bak antologiane Norsk prosa før 1900 og Norsk prosa etter 1900, som begge kom ut i 1997. Her finn dei litteraturinteresserte kanoniserte tekstar i original språkdrakt.
Kjelder
Steinar Gimnes, e-post 24.11.2011
Peikarar
Bibliografi i BIBSYS

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 20.08.2015