Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Svein Gjelseth

Svein Gjelseth, ingeniør, mangeårig ordførar i Herøy i Møre og Romsdal, konsulent og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Møre og Romsdal.

Svein Gjelseth er fødd 2. februar 1950 i Herøy i Møre og Romsdal. Han er utdanna skipsingeniør og adjunkt i Ålesund (1974) og tok fagbrev som mekanikar i 1983. 1967–70 var han fiskar og maskinassistent, så var han mekanikar og konstruktør ved Smedvik Mek. Verkstad i 1974–79 og driftsingeniør ved Ulsteingruppen i 1979–83. Han var lærar ved Herøy vidaregåande skule i 1983–89, ordførar i Herøy i 1989–95 og konsulent ved Vekst Næringsutvikling AS i 1996–99. I perioden 1999–2003 var han igjen ordførar i Herøy og så dagleg leiar ved Herøy Næringsforum i 2004–05. Mellom 2005 og 2007 var han stortingsrepresentant, så rådgivar for samferdsel i Vanylven kommune i 2008–09 og for perioden 2009–13 var han vald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Møre og Romsdal. Frå 2014 er han tilsett i Vanylven Utvikling AS som utviklingsnavigatør.
Gjelseth var medlem av styret i Herøy Arbeidarparti i 1980–87, varamedlem for Arbeidarpartiet i Herøy kommunestyre i 1979–83, medlem av formannskapet i 1983–87 og 1995–99, varaordførar i 1987–89 og ordførar i Herøy i 1989–95 og 1999–2003. I perioden 2005–09 var han vararepresentant til Stortinget, men møtte fast for statsråd Karita Bekkemellem i 2005–07. Etter at han fekk fast plass på Stortinget i 2009, har han vore medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Gjelseth er oppteken av rammevilkåra til den maritime klyngja på Vestlandet, og av samferdsel og kommunikasjon.
Han har vore leiar av styret for Tussa Kraft AS frå 2003, medlem av styret for Havyard Leirvik AS frå 2000, leiar av styret for VISIMO AS frå 2007, medlem av styret for MMC Tendis KS frå 2008 og styret for Ishavsmuseet frå 2012. Gjelseth blir referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Svein Gjelseth, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SAG [lesedato 2.12.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 02.02.2015