Hopp til innhold
X
Innhald

Sylvi Graham

Sylvi Graham, førskulelærar, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus sidan 2009.

Sylvi Graham er fødd 17. desember 1951 i Oslo og bur i Oppegård kommune i Akershus. Ho tok musikkbarnehagelærarutdanning ved Østlandets Musikkonservatorium i 1970–72 og førskulelærarutdanning ved Barnevernsakademiet i Oslo i 1975. Graham dreiv eigen privat musikkbarnehage i 1972–74, var avdelingsleiar i Husmødrenes Barnehager, Sinsen i 1975–77 og barnehagestyrar i Oppegård kommune i 1977–91. Ho var leiar av barne- og ungdomsavdelinga i Norges Blindeforbund i 1991–93 og konsulent i Norges Røde Kors i 1993–95.
Graham var medlem av Oppegård kommunestyre for Høgre i 1979–91, leiar av hovudutvalet for kultur i 1983–91, medlem i formannskapet i 1987–91, leiar av Oppegård Høgre i 1991–95 og ordførar i Oppegård kommune i 1995–04 og 2005–09. I 2004–05 var ho statssekretær i utanriksdepartementet. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2005–09 og er vald inn på fast plass for Høgre frå Akershus for periodane 2009–17, med skule, samferdsel og omsorg som fanesaker.
Graham var leiar av styret for Norsk nettverk av helse- og miljøkommuner i 1996–2001, medlem av representantskapet for Kommunal Landspensjonskasse i 2000–02, leiar i 2002–04, og medlem av representantskapet for Kommunalbanken i 2004. Ho var medlem av styret for Kommunenes Sentralforbund i Akershus i 1995–99 og 2003–07, leiar i 2007–09, og fekk KS-medaljen i 2009. Ho var medlem av styret for Aker universitetssykehus HF i 2006–08 og leiar av Follorådet i 2008–09.
Kjelder
Sylvi Graham, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SYG [lesedato 3.3.2012]
Omtale av Sylvi Graham på hoyre.no: http://www.hoyre.no/Sylvi+Graham.F93RjQYBnwtnnF6B3RfQXf.ips [lesedato 4.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 28.06.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014