Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Gewelt

Terje Gewelt, fødd 1960, er jazzmusikar med bass som instrument. Gewelt har spela med ei rekkje utanlandske musikarar og gitt ut plater med Knut Værnes, Dag Arnesen, Misha Alperin, Billy Cobham, Petter Wettre og fleire. Han har også eit eige selskap, Resonant, der han i 1999 gav ut Hide and Seek med mellom andre Cobham, Jon Eberson og Pål Thowsen.

Terje Gewelt. Foto: Christoffer Glosi, CC BY 20
Terje Gewelt. Foto: Christoffer Glosi, CC BY 20

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013