Hopp til innhold
X
Innhald

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande, partileiar i Venstre sidan 2010 og kultur- og likestillingsminister i Solberg-regjeringa sidan 2017.

Trine Skei Grande er fødd 2. oktober 1969 i Overhalla i Nord-Trøndelag. Ho gjekk på Namsos videregående skole i 1986–88, tok grunnfag i sosialøkonomi ved Universitetet i Trondheim i 1989, statsvitskap mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1990–91 og historie grunnfag same staden i 1992. Skei Grande arbeidde som adjunkt ved Levanger videregående skole i 1992–94, var førelesar i sosialfag ved Høgskolen i Levanger i 1993 og informasjonssekretær i Norsk Studentunion i 1994–95. Ho var generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag i 1995–97, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner i 1997–99 og har vore stortingsrepresentant for Venstre sidan 2001.

Skei Grande var leiar av Nord-Trøndelag Unge Venstre i 1987–89 og medlem av sentralstyret i Unge Venstre i 1989–91. Ho varamedlem i Overhalla kommunestyre i 1987–91, medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1991–95, medlem av Oslo bystyre i 1997–2003 og leiar av Oslo Venstre i 1997–2000. I perioden 2000–10 var ho 1. nestleiar i partiet, og frå 2010 er ho partileiar.

Ho var vararepresentant på Stortinget i 2001–05, men møtte fast for statsråd Odd Einar Dørum og var parlamentarisk leiar i heile perioden og har hatt fast plass på Stortinget frå Oslo sidan 2005. I 2017 vart Skei Grande kulturminister i regjeringa Solberg. I 2019 vart ho kultur- og likestillingsminister i fleirtalsregjeringa Solberg. Dei politiske fanesakene hennar er kultur- og skulepolitikk, flyktning- og asylpolitikk og miljø- og energispørsmål.

Trine Skei Grande vart attvald til Stortinget hausten 2013 og fekk partiet over sperregrensa, med 5,2 prosent. Hausten 2013 forhandla Skei Grande om regjeringsmakt saman med dei borgarlege partia. Venstre valde saman med Kristeleg Folkeparti å stå utanfor regjeringa, og Høgre og Framstegspartiet danna regjering åleine. Dei fire borgarlege partia skreiv likevel under på ein felles samarbeidsavtale. Ved valet i 2017 kom Venstre over sperregrensa to val på rad, for første gong sidan 1969. Vinteren 2017 og 2018 sonderte partiet med Framstegspartiet og Høgre. Trine Skei Grande var partileiaren som leia partiet til forhandlingsbordet, og seinare i regjering med Høgre og Framstegspartiet. 

Skei Grande har hatt ei rekkje offentlege verv og tillitsverv i organisasjonar. Ho har hatt mange verv i 4H Norge, var medlem av styret for Atlantis ungdomsutveksling i 1997–99 og er leiar i styret for Oslo Konserthus AS og Oslo Kino AS frå 2008. Ho fekk Det Kongelige Selskap for Norges Vels fortenestemedalje i sølv i 1995.

Kjelder

Trine Skei Grande, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TSG [lesedato 13.11.2012]

Omtale av Trine Skei Grande på venstre.nohttps://www.venstre.no/person/trine-skei-grande/ [lesedato 23.1.2019]

Peikarar

«Trine Skei Grande på topp for Oslo Venstre»

Valresultat 2017 på nrk.nohttps://www.nrk.no/valg/2017/resultat/

Først publisert: 12.04.2013
Sist oppdatert: 23.01.2019