Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Giske

Trond Giske, stortingsrepresentant og profilert politikar frå Arbeidarpartiet, har markert seg ved å manøvrere både prinsippfast og pragmatisk og utfordrar gjerne sterke miljø og posisjonar. Giske har vore utdanningsminister, kulturminister og næringsminister.

Trond Giske er fødd 7. november 1966 i Trondheim. I 1997 fullførte han ein cand.mag.-grad med mellomfag i sosialøkonomi frå NTNU i Trondheim og mellomfag i statsvitskap og første avdeling jus frå Universitetet i Oslo.

Den politiske karrieren til Giske starta i heimbyen, som leiar av Trondheim AUF (Arbeidernes ungdomsfylking) i 1988. Etter det blei han fylkesleiar for Sør-Trøndelag AUF (1989–90). Frå 1992 til 1996 var han leiar av AUF, før han for første gongen blei vald inn på Stortinget i 1997. I perioden 2017–21 er han nestleiar for finanskomiteen på Stortinget.

Giske har hatt ei rekkje sentrale verv i Arbeidarpartiet. Mellom anna var han medlem av gruppestyret til partiet mellom 2001 og 2005 og medlem av sentralstyret i åra 1992–96 og frå 2000. I 1999 var Giske utsending til generalforsamlinga i FN. Han var skulepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet 2013–17, og finanspolitisk talsmann for Arbeidarpartiet frå stortingsvalet 2017 til januar 2018. Giske var ein av to nestleiarar i Arbeidarpartiet 2015–18. I 2018 trekte Giske seg som nestleiar og leiar av Arbeidarpartiets fraksjon i finanskomiteen på grunn av fleire varslingssaker om seksuell krenkande åtferd. 

Heilt frå han blei AUF-leiar har Giske vore ein tydeleg person i partiet og er rekna for å vere ein taktikar på venstresida. Han stod fram som ein av dei leiande personane under EU-kampen i 1990-åra og var styreleiar i Sosialdemokratar mot EU (SME), som blei nedlagt dagen etter folkerøystinga i 1994.

I 2000 blei Giske utnemnd til statsråd første gongen, som kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i Stoltenberg si første regjering (2000–01). Ved stortingsvalet i 2005 fekk koalisjonen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fleirtal, og Giske blei utnemnd til kultur- og kyrkjeminister. Frå 2009 til 2013 var han nærings- og handelsminister i Stoltenberg II-regjeringa.

Hausten 2012 gav Giske ut boka Utøya – en biografi, ei bok han skreiv saman med historikar og tidlegare nestleiar i AUF, Jo Stein Moen. I 2015 gav han ut boka  La læreren være lærer. Giske har òg vore redaktør for Mangfold eller enfold. 21 stemmer om kultur i vår tid (2009), ei debattbok om kultur, fellesskap og mangfald.

I 2010 fekk han Fagpressens spesialpris for arbeidet med lov om redaksjonell fridom i media, og for å ha etablert mediestøtteutvalet.

Kjelder

Tore Gjerstad og Kristian Skard: «Topper valgkamplaget», Dagens Næringsliv Morgen 22.9.2012

Trond Giske, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TG [lesedato 8.10.2012]

«Boka om Utøyas historie blir skrevet», arbeiderpartiet.nohttp://arbeiderpartiet.no/Aktuelt/Nyhetsarkiv/Partiet/Boka-om-Utoeyas-historie-blir-skrevet [lesedato 8.10.2012]

Pressemelding frå Arbeidarpartiet: «Trond Giske trekker seg som nestleder», arbeiderpartiet.no, publisert 7.1.2018: https://www.arbeiderpartiet.no/om/presse/vedrorende-varsler-mot-nestleder-trond-giske/ [lesedato 9.1.2018]

Peikarar

Biografi for Trond Giske, regjeringa.no

Først publisert: 25.03.2014
Sist oppdatert: 11.01.2018