Hopp til innhold
X
Innhald

Vigdís Grímsdóttir

Vigdís Grímsdóttir, fødd i 1953, er ein islandsk forfattar, som mellom anna har skrive diktsamlinga Lendar elskhugans (1991), novellesamlinga Eldur og regn (1985) og romanen Ég heiti Ísbjörg, ég er ljón (1989). Grímsdóttir vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1994 for Stúlkan í skóginum, som kom på norsk i 1992 med tittelen Piken i skogen. Ho har òg skrive romanane Grandavegur 7 (1994), Z (1997) og Nœtursöngvar (1998). Grímsdóttir skriv ofte om folk i utkanten av samfunnet og med flytande grenser mellom fantasi og røynd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016