Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Heiberg (Gloppen)

Gabriel Heiberg (1708–1768) frå Heiberg-ætta på Kaupanger (sjå " Historia i Sogndal"). Sokneprest i Gloppen 1738–1765, og prost i Nordfjord.

Gjorde mykje for å få i gang omgangsskular i Gloppen, då han skipa den første «skulefundasen» i 1743. Men Heiberg innførte streng kyrkjetukt, og kom tidleg i konflikt med kyrkjelyden. Han kunne også trøytte kyrkjelyden med preiker på 3-4 timar, og soldatane måtte stille i kyrkja til avhøyring slik som konfirmantane. Breimingen Kolbein Torson Myklebust vart så arg på presten at han truga han på livet.

Men trass i knallhard kyrkjetukt, dreiv Heiberg likevel gjestgiveri med skjenkestove på Sandane. Han fekk kongebrev på å kunne drive kro og gjestgiveri i 1752. Han kjøpte også storgarden Evebø.

All usemja med bygdefolket gjorde at han kjøpte seg nytt embete i Bergen og flytta i 1765. Sonen Johan Widing Heiberg overtok 28 år gamal kallet i Gloppen etter faren, men måtte for det betale ei stor årleg avgift så lenge han var prest.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008