Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel L. Bjørnereim

Gabriel L. Bjørnereim (1876–1954) frå Breim. Bilpionér og krutfabrikant.

Han reiste i 1893 til Amerika, der han m.a. utdanna seg som fotograf, og gjekk på bergverksskule. Tok m.a. patent på ein spesiell type «Herkules»-krut. Vart stygt såra som soldat i den spansk-amerikanske krigen på Filippinane. Han kom heim i 1903 og bygde krutfabrikk ved elva på Byrkjelo. Bjørnereim kjøpte 12.000 kilo salpeter til produksjonen, men det vart med eit prøveparti på 600 kilo krut, for han fekk ikkje konsesjon til fast drift.

Bjørnereim kjøpte like etter at han kom frå Amerika, truleg i 1905, den første bilen som vart kjøpt til Sogn og Fjordane. Dette var ein tysk bil, som han i 1906 søkte om å få starte varerute med på Sandane-Breim (sjå Den første automobilen). Etter mange hindringar, fekk han køyreløyve i 1907. Men truleg kom ikkje ruta i gang, for store lån og løyvenekt for krutproduksjon gjorde at Gabriel gav opp. I 1908 reiste han til Amerika for godt.

Gabriel var son til Ludvig Bjørnereim (f. Gåsemyr) og bror til Isak og Rasmus L. Bjørnereim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011