Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Reed

Gabriel Reed.

Gabriel Reed.

Minnestøtta på Utvikfjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK

Minnestøtta på Utvikfjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gabriel Gabrielson Reed (1869–1957). Lærar og vidgjeten spelemann og slåttekomponist.

Han vart lærar i Breim i 1890 og kyrkjesongar frå 1891. Reed var ein allsidig idrettsmann, som vann førstepremiar i skyting og på skøyteløp.

Han fekk skipa songkor i heimebygda og ”Breimsmusikken, ei strykargruppe som var etterspurd til konsertar i heile Nordfjord.

Gabriel Reed tok initiativet til dei store ungdomsstemna på Utvikfjellet, der det er reist minnestøtte over han. Tildelt Kongens fortenstemedalje i gull.

Sonen Gabriel fødd 1893 flytta til Stadlandet - sjå m.a. «Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.01.2011