Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Totland

Gabriel Totland (1871–1949) frå Bryggja, busett på Nordfjordeid. Forretningsmann og dampskipsekspeditør. Totland starta i 1892 som første dampskipsekspeditøren på Nordfjordeid. Han overtok i 1896 forretninga til J. Abrahamsen saman med broren Mons Totland (1866–1941).

Mons starta i 1902 tønnefabrikk i tillegg til å drive landhandel. I 1905 starta Gabriel Totland bokhandel (sjå Industri og næring i Eid).

Handelsfamilien Totland har sidan m.a. drive dampskipskai, manufakturforretning, bokhandel, bensinstasjon og sementvarefabrikk på Nordfjordeid (sjå Totlands Sementvarefabrikk på Fabrikkar og verkstader i Eid).

Handelsfamilien Totland var i nær slekt med Pelsdyrpionér Ole M. Totland, som i 1910 som ein av dei første i landet starta reveoppdrett på Marøyna ved Hornelen.

Totland Bokhandel i Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland Bokhandel i Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.04.2010