Hopp til innhold
X
Innhald

Geir Eithun

Geir Eithun i Førde-drakta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Geir Eithun i Førde-drakta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Geir Eithun fødd 1979 i Førde. Volleyballspelar.

Debuterte på juniorlandslaget i 1996 og spela på seniorlandslaget 1998. Under studiar i USA 1998-2001 spela han på Pacific Tigers, California. Frå 2004 til 2005 spela han i Århus, Danmark, og frå 2005 profesjonell spelar for Corrigliano, Italia, Rethymno, Buyuksheir Belediye, Istanbul, Resovia Rzeszow og Plomien Sosnowiec i Polen og frå 2008 det franske Champions League-laget Beauvais.

I 2009 var Eithun tilbake som spelar på Førde Volleyballklubb. I 2010 satsar han på ein karriere som sandvolleyballspelar. I 2011 tok han bronse i NM i sandvolleyball saman med Vegard Høidalen.

Tilsett som utviklingskonsulent i Norges Volleyballfobund, region Sogn og Fjordane i 2011.

I 2014 vart han norsk meister i sandvolleyball i lag med Iver Horrem. Dei to sikra seg og nordisk meisterskap same året.

Geir Eithun smashar mot Oslo Volley i seriekamp i Førdehuset. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Geir Eithun smashar mot Oslo Volley i seriekamp i Førdehuset. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015