Hopp til innhold
X
Innhald

Gerd Svanhild Haaland

Gerd Svanhild Haaland.

Gerd Svanhild Haaland.

(1924-1945) frå Høyanger, til dagleg berre kalla Svanhild Håland. Kontordame.

Ho hadde teke handelsskule og stenografikurs og arbeidde i forsyningsnemnda i heimekommunen då ho vart arrestert 8. mai 1944. Årsaka var at tyskarane under ein razzia på Håland hadde funne dagboka hennar der ho m.a. hadde skrive nokre beiske kommentarar om okkupantane. Ho vart ført til Bergen og deretter til Grini, og 10. august 1944 vart ho overført til Stutthof. Svanhild Håland var sjuk då ho var fridd ut av russiske styrkar våren 1945 og døydde den 15. april same året.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2011