Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard C. Munthe

Gerhard Munthe d. 1729, fødd på Flahamar i Luster, busett i Hellevik. Offiser og jordeigar.

Faren var sognefuten Christoffer Giertsen på Flahamar og mora var Birgitte Munthe, dotter til biskop Ludwig Munthe i Bergen. Ei av tantene hans var Maren Munthe Grytten, som var gift med den rike prost Anders Grytten i Holmedal. I 1706 selde ho garden Hellevik til Gerhard Munthe, som i 1726 skaffe seg store eigedomar elles i Sunnfjord då Svanøy-godset vart oppstykka og selt på auksjon.

Munthe deltok sjølv som oberstløytnant m.a. i den store nordiske krigen, og skjøtta både Hellevik og andre gardar med paktarar. Munthe-slekta eigde Hellevik-garden til 1732.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2008