Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard Christofferson Munthe

Gerhard Christofferson Munthe (1726-1785) frå Ytre Kroken. Kaptein og storbonde.

Bytte i 1764 til seg den gamle adelsgarden Ytre Kroken i Kroken ved Lustrafjorden mot garden Mo som han åtte på Hafslo.

Munthehuset. (Foto: A. Nybø, NRK)

Munthehuset. (Foto: A. Nybø, NRK)

I Ytre Kroken bygde han første etasje på det store herskapshuset som seinare er kjent som «Munthehuset». Munthehuset fekk si noverande form ved ei stor utviding og ombygging på 1840-talet, og vart restaurert og verna på 1990-talet.

Han skal vere ein av dei første som tok til å dyrke poteter i Noreg då han i 1765 sette den første potetåkeren i Ytre Kroken. Farfar til den kjende kartografen og kunstnarvenen Gerhard Munthe d.y.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008