Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard Munthe

Gerhard Munthe: «Fra Aurland». © Blomqvist Kunsthandel.

Gerhard Munthe: «Fra Aurland». © Blomqvist Kunsthandel.

Gerhard Munthe (1849-1929) kunstmålar og skriftteiknar.

Den kjende kunstmålaren Gerhard Munthe frå Elverum var brorson til den kjende namnebroren sin, kartografen og kunstarvenen Gerhard Munthe d.y. i Ytre Kroken.

Han vitja slektsgarden i Kroken første gong i 1856. Han har seinare skildra barndomsminna sine frå Kroken i boka «Minder og meninger» (1919). Kong Oscar I og kong Carl 15 vitja også Munthe-garden i Ytre Kroken. Her heiter framleis eit rom i andre etasje som vender mot fjorden «Kongesalen», fordi kongane overnatta der.

Systera til målaren Gerhard Munthe var den kjende lærar og barnesangforfattaren Margrethe Aabel Munthe (1860-1931) frå Elverum. Det er ikkje kjent om ho også vitja slekta si i Kroken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011