Hopp til innhold
X
Innhald

Gjest Baardsen

Gjest Baardsen i arresten

Gjest Baardsen i arresten

Gjest Baardsen Sogndalsfjæren (1791-1849) frå Sogndalsfjøra. Meistertjuv og forfattar.

Han livnærte seg i mange år av tjuveri kringom på bygdene - særleg på Vestlandet. Fleire gonger vart han arrestert og sett i fengsel, men var ein meister til å kome seg fri.

Spora etter Gjest Baardsen finn vi i bygdesegner frå mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Dømd til livsvarig slaveri

I 1827 vart Baardsen dømd til livsvarig slaveri og sat på Akerhus festning i Oslo til han slapp fri i 1845.

Stor litterær produksjon

Gjest Baardsen hadde lært seg skrivekunsten, og livnærte seg dei siste åra m.a. ved å reise rundt på bygdene og selje historiene om seg sjølv som såkalla «skillingstrykk» - dvs. småhefte som kosta ein skilling:

  • Sjølvbiografien «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb» - 1835.
  • «Fengsel og Frihed i tvende Qvad» - 1845.
  • «Brændevins-Ondet, en Folkevise med Fortale» - 1846.
  • «Acrostichon - eller Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnet» - ei vise med 26 vers som skulle utgjere «hans fulde Navn» - utgjeven 1848.
  • «Ole Høilands død» - ei vise - 1849.
  • «Hun sveg mig dog» - ei vise - (utan årstal)
  • «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb efter Løsladelsen fra Aggershus Fæstning til hans død» - forfatta av han sjølv, utgjeven 1869.
  • «Vandrings- eller Skøiersprog», utgjeven av Helge Refsum 1948.

Ingen Robin Hood

I sjølvbiografiane freista Gjest Baardsen å rettferdiggjere brotsverka sine ved å hevde at han stal frå dei rike og gav til dei fatige. Dette vert sterkt imøtegått i ein biografi om meistertjuven, skriven i 2001 av forfattaren Erling Gjelsvik.

Film og teater

I 1939 kom filmen «Gjest Baardsen» med Alfred Maurstad i hovudrolla. Scener til filmen vart spela inn på gardstunet på Fuhr i Luster, ved Turtagrø på Sognefjellet og på Videseter på Strynefjellet. Filmen vart ein av dei største norske filmsuksessane nokon sinne. Også Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale Scene i Bergen har sett opp skodespel om Gjest Baardsen.

Huset i Sogndalsfjøra der Gjest Baardsen skal vere fødd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset i Sogndalsfjøra der Gjest Baardsen skal vere fødd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Planar om museum

I Sogndalsfjøra skal ein gjenskape eit hus som museum på den tufta der ein meiner barndomsheimen til Gjest Baardsen låg (sjå nedanfor).

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.08.2009