Hopp til innhold
X
Innhald

Gösta af Geijerstam

Gösta af Geijerstam, forfattar og kunstmålar.

Gösta af Geijerstam (1888-1954) fødd i Stockholm, busett i Dale. Forfattar og kunstmålar. Gift med prestedottera Astri Smith i Fjaler og busett i Dale frå 1915.

Det nygifte paret Gösta og Astri i hagen på Tross i 1917. © Fylkesarkivet

Det nygifte paret Gösta og Astri i hagen på Tross i 1917. © Fylkesarkivet

Han gav ut:

  • «Krigare og björnjägare» (1916)
  • «Finska Bataljonen» (1918)
  • Villmarksforteljinga «Ormgutten, Roald og jeg» (1922) med eigne illustrasjonar
  • Forteljinga «Inger» (1924)
  • «Paradisdage i Storevik» (1925)
  • «Renjagt i Rondane» (1925)
  • «Iva Storgaarden» (1926)
  • «Hilder-Berret» (1928)
  • «Ingeniøren og hans hustru» (1933)
  • og forteljinga «Ongene og vi to i Storevik» (1937).
  • Gösta af Geijerstam på aurefiske ved Laukeland i 1923. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

    Gösta af Geijerstam på aurefiske ved Laukeland i 1923. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

    Som kunstmålar hadde Gösta af Geijerstam m.a. fleire separatutstillingar i hovudstaden. Som mange andre kunstnarar i si tid, dreiv han også med design, og teikna m.a. jarnlykter og lampar.

    Gösta av Geijerstam var elles ein svært nær ven av forfattaren Sigrid Undset, som vitja Dale ofte.

    I 1994 gav dotter til Gösta af Geijerstam, Sunniva af Geijerstam Hagenlund, ut boka «Portrett av et vennskap», som skildrar forholdet mellom faren og Sigrid Undset.

    Gösta af Geijerstam saman med dottera Sunniva og barnebarnet Astri i 1954, to månader før han døydde. Foto: Ivar Hagenlund. © Fylkesarkivet.

    Gösta af Geijerstam saman med dottera Sunniva og barnebarnet Astri i 1954, to månader før han døydde. Foto: Ivar Hagenlund. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.02.2017