Hopp til innhold
X
Innhald

Gudmund Balvoll

Hah har gjeve ut ei rad lærebøker i yrkeshagebruk - om grønsakdyrking på friland, gjødsling, lagring av grønsaker m.m.

Gudmund Balvoll fødd 1934 i Vik, busett i Tønsberg. Professor i hagebruk og historikar. Dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969. Fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986. Informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989. Professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-1999.

Hah har gjeve ut ei rad lærebøker i yrkeshagebruk - om grønsakdyrking på friland, gjødsling, lagring av grønsaker m.m.

Som historikar har Balvoll m.a. gjeve ut kommentarutgåver av eldre bøker i hagebruk: Kommentarutgåve 1994 av «Horticultura» frå 1694, kommentarutgåve 1995 av «Norsk Frukt og Urtehagebok» frå 1765.

I 1996 gav han ut biografien om hagebrukspionéren Apollonius Liljedahl, og i 2001 «Jordbruket i Vik fram til 1950».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2012