Hopp til innhold
X
Innhald

Gulbrand Lunde

Gulbrand Lunde i samtale med fylkesmann Vidar Atne (t.h.) under eit stemne for Nasjonal Samling i Sogn i 1942. Foto © Norsk Film/NRK.

Gulbrand Lunde i samtale med fylkesmann Vidar Atne (t.h.) under eit stemne for Nasjonal Samling i Sogn i 1942. Foto © Norsk Film/NRK.

Gulbrand Oscar Johan Lunde (1901-1942) fødd i Bergen, gravlagd i Vik. Kjemikar og NS-statsråd under 2. verdskrig.
Tilknytinga til Vik hadde Lunde frå ei offisersslekt som heldt til på «Tillisch-garden» på Vange i Vik. Lunde studerte kjemi i Tyskland frå 1920 og vart styrar for Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger. Han vart medlem av Nasjonal Samling og var ein av Vidkun Quisling sine næraste medarbeidarar. Quisling utnemnde han til minister i april-dagane 1940, og i september same året vart han utnemnd til kommisarisk statsråd og sjef for «Departementet for opplysning og propaganda».

Lunde omkom saman med kona i ei drukningsulukke i Våge i Romsdal i oktober 1942. Dei var på veg tilbake til Oslo etter eit NS-møte i Ålesund, då bilen deira fall mellom ferjelemmen og ferga. Lunde fekk «statsgravferd» i Oslo domkyrkje med alle nazitoppane til stades, før han med full nazihonnør vart gravlagd ved Hopperstad stavkyrkje i Vik saman med kona. Eit minnesmerke som vart reist i Romsdal av nazistane, vart sprengt i filler av norske motstandsfolk like etter krigen.

(Sjå også Sverre Riisnæs.)

Gulbrand Lunde talar under eit NS-stemne i Vik i 1942. Foto © Norsk Film/NRK.

Gulbrand Lunde talar under eit NS-stemne i Vik i 1942. Foto © Norsk Film/NRK.

Vidkun Quisling har lagt ned krans frå Adolf Hitler og helsar kistene til ekteparet Lunde. Foto: NRK/Norsk Film.

Vidkun Quisling har lagt ned krans frå Adolf Hitler og helsar kistene til ekteparet Lunde. Foto: NRK/Norsk Film.

Film frå gravferda

Lenger oppe på sida er det peikar til filmen frå gravferda til Gulbrand Lunde og kona. Filmen er utan lyd. Første del er frå Trefoldighetskyrkja i Oslo. Vi ser Nasjonal Samling (NS) sin førar og ministerpresident Vidkun Quisling, reichskommisar Josef Terboven, SS- og Gestaposjef i Norge; Wilhelm Rediess og fleire andre offiserar på veg til kyrkja. På første benk til venstre sit Quisling og Marie Quisling, mora til Lunde og dei to borna hans. På tredje benk til venstre sit innanriksminister Albert Vilhelm Hagelin og andre ministrar.

Hirdmenn er æresvakt, og kyrkje- og undervisningsminister Ragnar Skancke og partiminister Rolf Jørgen Fuglesang er marskalkar. Terboven legg ned krans frå Adolf Hitler, deretter Quisling. Kistene og hirden på Flåm stasjon. «Stavenes» stemnar ut fjorden. Inga Lunde (mor til avdøde), og borna går i land i Vik. Sokneprest Christian Fr. Hansteen forrettar ved Hopperstad stavkyrkje. Justisminister Sverre Riisnæs og fylkesførar for Vestlandet; Christian Astrup m.fl. legg ned kransar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011