Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Carlson

Gunnar Carlson. Foto: Kari Midtghård Råsberg, Fjordenes Tidende.

Gunnar Carlson. Foto: Kari Midtghård Råsberg, Fjordenes Tidende.

Gunnar Carlson fødd 1949 i Ålesund, busett i Måløy. Verftseigar og investor.

Har teknisk og merkantil utdanning og arbeidde ved Frostad Verft i Tomrefjorden før han i 1974 vart dagleg leiar av Båtbygg AS på Raudeberg. Han vart eigar av verftet tre år seinare og gjorde m.a. stor suksess med ombygging og utrusting av større fiskebåtar til den amerikanske fiskeflåten.

Carlson har sidan skipa og vorte medeigar i fleire selskap knytt til skipsindustrien, og vart ein av dei rikaste personane i Sogn og Fjordane. Han sat ein periode i Vågsøy kommunestyre for Høgre, og har vore styreleiar i Måløy Havnevesen, seinare Nordfjord Havn.

Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010