Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar S. Gundersen

Gunnar S. Gundersen. Foto: O. Væring.

Gunnar S. Gundersen. Foto: O. Væring.

Gunnar S. Gundersen (1922-1983) fødd i Førde, oppvaksen i Høyanger. Biletkunstnar. Utdanna ved Kunst- og Handverksskulen i Oslo og Statens Kunstakademi. Debuterte 1947 på Statens Høstutstilling.

Saman med Ludvig Eikaas, Odd Tandberg og Tor Hoff tilhøyrde Gunnnar S. den såkalla ”Dødsgjengen” som i etterkrigstida var banebrytande for nonfigurativ kunst i Noreg.

Han vart særleg kjend for sine stramt komponerte ”hard-edge”-bilete. Gundersen kalla sjølv utttryksforma si ”det inkonsekvente rommet”.

Han har hatt ei rad separatutstillingar og har delteke i 25 kollektivutstillingar i utlandet. Representert i dei fleste store nasjonale galleri i Noreg.

Rød komposisjon © Blomqvist Kunsthandel. NB! Biletformatet gjer at kunstverket er beskore i høgda.

Rød komposisjon © Blomqvist Kunsthandel. NB! Biletformatet gjer at kunstverket er beskore i høgda.

Komposisjon i blått og grønt (1961). © Blomqvist Kunsthandel. NB! Biletformatet gjer at kunstverket er beskore i høgda.

Komposisjon i blått og grønt (1961). © Blomqvist Kunsthandel. NB! Biletformatet gjer at kunstverket er beskore i høgda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010