Hopp til innhold
Gunnar Slettebakken. Foto: Firda Tidend. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Gunnar Slettebakken. Foto: Firda Tidend. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Gunnar Slettebakken

Gunnar Slettebakken var forfattar og kunstmålar, med sterkt feste i folkeleg forteljekunst, både i prosa og i bilete.

Gunnar Slettebakken var fødd 5. oktober 1936 i Bergen og døydde 6. mai 2012 på Sandane i Nordfjord. Han voks opp i Salhus ved Bergen og utdanna seg til jurist. Slettebakken var ei tid dommarfullmektig i Trondheim, før han vart kontorsjef i Gloppen kommune frå 1968 til 1972. Seinare var han timelærar i rettslære, mellom anna ved Firda gymnas på Sandane, og dreiv med ymse omsetjingsarbeid. I alle åra var han aktiv som biletkunstnar.

Debutboka frå 1971, Rapport frå Salhus, er i forma ein dokumentarroman, bygd opp av ei særprega blanding av fakta og fantasifull tildikting. Også i Ordførar Greta Svensson (1972) er handlinga lagd til Salhus. Begge romanane er prega av munnleg forteljekunst, med overdrivingar, humor, utlevering av latterleg åtferd og karikerte mennesketypar. Slettebakken har eit vart auge for dei som stikk seg ut i tronge lokalsamfunn, og han liker å pirke borti trekk ved utviklinga som det er grunn til å vere bekymra for.

Som biletkunstnar var Slettebaken sjølvlærd – med ein særprega stil, og med ein signatur skriven med kyrilliske bokstavar. Som i romanane er også biletkunstnaren Slettebakken forteljar. Bileta hans fortel om folkeliv og humor, romantikk og krigsopplevingar, drama og idyll. Både i tekst og bilete er Slettebakken folkelivsskildrar, gjerne med motiv frå oppveksten i Salhus.

galleri

Kjelder

Telefonsamtale med Helga Slettebakken 28.12.2017

Ove Eide: «Forfattaren Gunnar Slettebakken», i Ljøren. Sogeskrift for Gloppen 2012. Sandane 2012

Ove Eide, Ståle Fitje og Bjørn Grov: «Gunnar Slettebakken – forteljar i mange former», Jul i Nordfjord 2015. Sandane 2015

Peikarar

Digital portefølje med Gunnar Slettebakken sine måleri

Forfattarside om Gunnar Slettebakken på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»

Først publisert: 15.06.2018
Sist oppdatert: 20.06.2018