Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Urtegaard

Gunnar Urtegaard fødd 1952 frå Balestrand. Cand. phil.

Gunnar Urtegaard fødd 1952 frå Balestrand. Cand. phil.

Leiar for Fylkearkivet frå starten i 1983 til 2001, då han tok permisjon for å arbeide i eit privat firma. Urtegaard satsa sterkt på internett-baserte tenester frå Fylkesarkivet, og data-basane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har danna modell for andre.

Har vore medlem av edb-utvalet til Lokalhistorisk Institutt, Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museers edb-utval, leiar i Landslaget for lokal- og privatarkiv. I 2007 fekk han mellombels engasjement som prosjektleiar for utvikling av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Same året vart han avdelingsdirektør i Statens Senter for Arkiv, Bibliotek og Muséum (ABM) i Oslo.

Urtegaard har som lokalhistorikar m.a. skrive bygdebok II for Balestrand og skulesoga for kommunen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009