Hopp til innhold
X
Innhald

H. F. Gude

H. F. Gude måla dette biletet saman med Adolph Tidemand: «En ligfærd».

H. F. Gude måla dette biletet saman med Adolph Tidemand: «En ligfærd».

Hans Fredrik Gude (1825-1903) er truleg den norske biletkunstnaren frå den romantiske perioden som har måla flest motiv frå Sogn.

M.a. har han måla ei mengd bilete med motiv henta frå landskapet kring Lustrafjorden, Balestrand og Vangsnes, Fresvik, Kvamsøy, og frå Fjærland og Jostedalsbreen.

Brudeferden frå Sogn?

Til Ytre Kroken kom han første gong då han var 14 år gamal, og laga alt då ei mengd skisser frå fjordlandskapet. Ei av desse skissene viser eit festkledd fylgje på veg i robåt over fjorden frå Solvorn.

Tidemand og Gude:

Tidemand og Gude:

Det vert hevda at det kjende motivet «Brudeferden i Hardanger», som Adolph Tidemand og Gude måla saman, har henta landskapssmotivet frå Lustrafjorden ved Flahamar - og ikkje frå Hardanger. Fleire kunsthistorikarar hevdar at motivet er eit ekte Hardanger-landskap, medan andre meiner at båtane på dei fem variantane som Tidemand og Gude måla av «Brudeferden» - er sognebåtar og ikkje hardangerbåtar.

Hovudside:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011