Hopp til innhold
Aasta Hanstee, ca 1865. Foto: Divert Dedechen Brun. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
Aasta Hanstee, ca 1865. Foto: Divert Dedechen Brun. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Aasta Hansteen

Aasta Hansteen, føregangskvinne for målsak og kvinnesak, Noregs første kvinnelege profesjonelle kunstmalar, ein av dei første nynorskbrukarane i landet og saman med Camilla Collett grunnleggjar av norsk kvinnerørsle.

Aasta Hansteen blei fødd den 10. desember 1824 i Christiania og døydde den 13. april 1908. Ho studerte først under den kjende portrettmålaren Johan Gørbitz, så i København, Düsseldorf og Paris.

Ho gjorde lukke som portrettmålar på 1850-talet og blei tatt ut til å representere landet som einaste kvinne på verdsutstillinga i Paris 1855, men møtte uforstand då ho prøvde seg på meir ambisiøse prosjekt. På 60-talet kasta ho seg inn i målstriden, ga ut ei bok på landsmål og skreiv dikt. Men framlegget om ei lesebok på landsmål i 1867 var òg føre si tid og stranda på økonomien. Frå 1870 via ho livet sitt til kvinnesaka. Glødande og energisk gjekk ho til verks, men det eksentriske vesenet og den kompromisslause veremåten skaffa ho mange fiendar, slik at ho valde å gå i utlegd ei tid. Men saka vann fram og til sist vende ho attende og fekk den fagnaden ho fortente.

Dei fleste av målarstykka til Hansteen er gått til grunne, men eit portrett av faren heng på Nasjonalgalleriet. Aasta Hansteen var den fyrste kvinna som gav ut ei bok på landsmål. Ho gav ut Skrift og Umskrift i Landsmaalet i 1862 under presudonym.

Hovudverket hennar i kvinnekampen er Kvinden skabt i Guds Billede, som kom i 1878.

Bakgrunn

Hansteen var fødd inn i ei av dei fremste danske embetsslektene her i landet. Faren var Christopher Hansteen, professor i astronomi og anvendt matematikk ved universitetet. Frå 1833 budde familien i observatoriet, og heimen var eit av samlingspunkta for den konservative og danskhuga eliten i landet på den tida. Men ho hadde òg kvinnelege førebilete i den reflekterte og intelligente mora Hanne Broch og tanta Conradine Dunker, som var aktiv i kulturlivet og dreiv skule etter at ho blei enkje i 1844.

Målsak

Aasta Hansteen var døypt Asta, men rundt 1860 gjekk ho over til å skrive Aasta, av di ho tykte det var meir norsk. Ho hadde ikkje hug for den danskprega kulturen i hovudstaden, og konsekvent som ho alltid var, brukte ho namnet Oslo i staden for Christiania. Arbeidet til Ivar Aasen hadde sett spor, og ho var ein flittig gjest hjå Ivar Aasen. Resultatet var den vesle boka som kom ut i 1862. Fire bøker av Aasen, den første boka til Vinje, ei sogebok av Eirik Sommer og ei reiseskildring av Axel Arbo var alt som hadde kome ut på landsmål til då. Utover på 60-talet skreiv ho ei rad dikt som kom ut i Dølen og Ferdamannen. Målsaka måtte sidan vike for andre interesser, men mot slutten av livet ga ho ein bunke uutgjevne dikt til Syn og Segn, som trykte dei i 1908.

Kvinnekamp

I 1870 sette Georg Brandes On the Subjection of Women av den engelske filosofen John Stuart Mill om til dansk, og boka gjorde sterkt inntrykk på Hansteen. No var det kvinnesak ho skulle vie seg til, og det førte til ein jamn straum av avisinnlegg og polemiske skrifter. I 1871 skreiv ho artikkelen ”Kvindens Stilling i Verden”, og sette fullt namn under for første gang. I 1875 gjorde ho skandale då ho med stor glød forsvarte ei svensk baronesse som hadde blitt forført av ein norsk student. Så kom føredragsturneen i framkant av bokutgjevinga i 1878, som skapte eit veldig rabalder. Inga kvinne hadde gjort noko slikt før og ho vart skyteskive for ironi og hån frå borgarskapet.

Det såg ut til at ho hadde kome til vegs ende i denne saka òg, så i 1880 pakka ho sakene og dro til USA, kvinnesaken sitt fødeland, for å livnære seg som målar og skaffe myndlingen Theodora Nielsen sangundervisning. Dei slo seg ned i Boston, der ho deltok i kvinnerørsla, skreiv artiklar og heldt føredrag.

I mellomtida hadde kvinnesaka framgang i Noreg, og i 1887 starta Norsk Kvindesagsforening tidsskriftet Nylænde med Gina Krog som bladstyrar. Denne røysta virka lokkande. ”Jeg maatte ile hjem, da jeg skjønte at et nyt lys var tændt i gamle Norge,” skreiv ho. I 1889 var ho attende, og kasta seg inn i kampen som før. Men no hadde ho kampfeller. Stemninga hadde snudd, og ho blei hylla som ein helt både på 70- og 80-årsdagen. Ho skreiv flittig om teologi, spiritisme og samfunnsspørsmål og tok òg opp målsaka att. Gløden og kompromissløysa hennar har sidan gjort ho til førebilete for mange.

Aasta Hansteen er gravlagd på Vår frelsers gravlund og det er reist ein minnestein av Gustav Vigeland ved grava hennar. Det er også reist ei brosestatue av Hansteen på Aker Brygge av Norsk kulturråd og Oslo kvinnesaksforening.

Kjelder

Anton Aure: Kvinnor i den norske bokheimen. Stutte livsskildringar. Nikolai Olsens Prenteverk, 1916. Elektronisk utgåve på Ivar Aasen-tunet: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1120&id=...

Aasen, Elisabeth: Morgenbladet, ”Furier er også mennesker”, artikkel i Morgenbladet Elisabeth Aasen, 2008. Lenke (abonnement) : https://morgenbladet.no/samfunn/2008/furier_er_ogs...

Lill-Ann Jensen, "Aasta Hansteen", artikkel i Norsk biografisk leksikon.






Først publisert: 04.02.2016
Sist oppdatert: 02.05.2016