Hopp til innhold

Alf Hellevik

Alf Kolbjørn Hellevik, språkforskar og ordbokredaktør. Helleviks gule ordliste blei eit ikon, uunnverleg for dei fleste.

Hellevik var fødd i Fjaler 28. juni 1909 og døydde 8. november 2001. Han blei cand.philol. i 1938 og var lærar ved Norsk Korrespondanseskole i Oslo før han i 1946 blei knytt til redaksjonen av Norsk Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Her var han hovudredaktør i 30 år, frå 1948 til 1978. Han var òg dosent i nordisk språkvitskap og leiar av nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1972 til 1977.
 
Hellevik var skiftevis formann og varaformann i Norsk språknemnd 1952–72 og medlem av Norsk språkråd 1972–79.
 
Nynorsk ordliste av Alf Hellevik kom første gongen i 1959, som ei nyredigert utgåve av Einar Breidsvolls ordliste frå 1938. Helleviks ordliste er trykt i 2,5 millionar eksemplar. Han la stor vekt på å modernisere den nynorske språkføringa, og med denne ordlista blei difor Hellevik eit synonym for god og moderne nynorsk. Det redaksjonelle arbeidet med nye utgåver var frå 2000 til 2005 ført vidare av Aud Søyland og Kåre Skadberg, og frå 2012 av Aud Søyland og Margunn Rauset.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013