Hopp til innhold
Foto: Ørnelund A/S for Gyldendal. Nytta etter avtale.
Foto: Ørnelund A/S for Gyldendal. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Alfred Hauge

Alfred Hauge er ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Forfattarskapen hans krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål, og mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson (1961–1965).

Alfred Hauge var fødd 17. oktober 1915 i tidlegare Sjernarøy kommune i Rogaland og døydde 31. oktober 1986 i Stavanger. Han var elev ved landsgymnasa på Bryne og Voss og tok examen artium i 1935. Han tok lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1939. Hauge arbeidde i fleire år som lærar på Karmøy og i Stavern, seinare arbeidde han i Ansgar Forlag. Han var journalist i Vårt Land i 1951–52 og frå 1953 til 1983 i Stavanger Aftenblad.
Hauge debuterte i 1940 med romanen Septemberfrost. Gjennombrotet kom med Året har ingen vår (1948), første boka i trilogien om Lølandsfolket. Etter utvandrarbøkene gav han ut Utstein Kloster-syklusen, ei rekkje eksperimentelle bøker i mange sjangrar, inkludert «århundre-trilogien» Perlemorstrand (1974), Leviathan (1979) og Serafen (1985). Parallelt skreiv han dei sjølvbiografiske bøkene Barndom (1975), Ungdom (1977) og Manndom (1999).
Kulturkonflikt
Hauge voks opp innanfor for den kristne lekmannsrørsla, og i dei første bøkene hans, til dømes i Tuntreet blør (1942) og Storm over Siglarholmen (1945), er impulsane frå den kristelege oppbyggingslitteraturen tydelege. I heimemiljøet var det skepsis til kulturlivet, og i den tidlege forfattarskapen handlar det om å rydde rom for eit opnare kultursyn. Hauge hadde heilt frå starten ein krass realisme og ein motvilje mot å harmonisere bort lidinga. I somme av romanane skriv han òg om korleis forteiing og hykleri kan utvikle seg når ein føyer seg etter konvensjonar ein ikkje trur på (Ingen kjenner dagen). Men Hauge ville òg forsvare landsdelen sin mot fordommar og klisjear om religiøs undertrykking, noko han formulerer i boktittelen Det lyse fastland (1965). Etter kvart formulerte han eit kulturope syn, kombinert med stor lojalitet mot eigen bakgrunn.
Formelle eksperiment
Bøkene til Hauge går igjennom ei sterk formell utvikling. Dei første bøkene er enkle, tradisjonelle forteljingar, med ein særleg krass realisme. Men alt Vegen til det døde paradiset (1951) viser at Hauge har behov for friare tyglar, og i denne boka tek han i bruk fabel- og legendestoff.
Tidleg i 1950-åra gjennomlevde han eit samanbrot, knytt til konflikt mellom skriving og arbeidsliv. Desse erfaringane vart ei kjelde til seinare bøker, og då måtte han bryte ut av den realistiske romanforma. Alt i Cleng Peerson-bøkene tek han inn nokre innslag der Cleng opplever indre visjonar. I Mysterium (1967), den første boka i Utstein Kloster-syklusen, er heile boka ei vandring gjennom hallusinatoriske bilete.
Dette fører han vidare i den eksperimentelle diktsamlinga Det evige sekund (1970), som vil fortelje om «det uvanlege» som har oppsøkt han. Boka er forma etter vekedagane, etter mønster frå barokken. I formidlinga av det visjonære stoffet fekk han òg bruk for ein revisjon av forteljarinstansen i romanane sine, og han var truleg den første i etterkrigslitteraturen som gjekk tilbake til ein synleg, kommenterande forteljar. I Perlemorstrand gjer han også lesaren til ein instans i teksten, omtalt som «medarbeidar». Dei tre bøkene i «århundre-trilogien» har sinnrike komposisjonar av tidsplan, forteljarar og språkformer og må karakteriserast som svært nyskapande i norsk prosadikting.
Primært forteljar
Hauge skreiv i mange sjangrar. Han var innom dramatikk, skreiv fleire diktbøker og gav også ut fleire samlingar med journalistiske tekstar. Han var likevel først og fremst forteljar, og han hadde alltid eit stoff han ville formidle. Det handla om oppvekst i Ryfylke i mellomkrigstida, kulturelle konfliktar for ein bondestudent, forfølginga av kvekarar og utvandringa til Amerika, eller reiser i sinnet. Det same prega reportasjebøkene hans. Han ville fortelje ei historie, og fortelje henne godt. Nokre av bøkene hans nådde også langt ut. Cleng Peerson-bøkene vart selde i over 100 000 eksemplar.
Kjelder
Odd Kvaal Pedersen: Gråstein og lengsel. Oslo 1985
Jan Inge Sørbø: Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap. Oslo 2001
Jakob Aano (red.): Helsing Alfred. Eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, med ein bibliografi ved Aud Jorunn Aano. Oslo 2000
Vidare lesing
Aano, Jakob, red.: Helsing Alfred: eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, 2000 (Alfred Hauge-bibliografi: 363-76)
Andersen, Per Thomas: "Heterotopia i Ryfylke: fornyelse og tradisjon i Alfred Hauges romantrilogi Århundre". NLÅ 1996 , 101-20
Flatin, Kjetil A.: "Fra Septemberfrost til Leviathan: en studie i tematisk utvikling i Alfred Hauges romaner". Nettum, Rolf Nyboe, red.: I diktningens brennpunkt, 1982, 49-66
Golf, Olav: Alfred Hauge : ryfylkedikter og bygdemiljø, 2007
Hunsager, Kristin Aalen: "Alfred Hauges århundre-trilogi". NLÅ 1985 , 82-93
Lindbekk, Ole Bjarne: "Kunst og kristendom: ein studie i Alfred Hauges forfattarskap". NLÅ 1972 , 109-24
NBL 2. utg.
Pedersen, Odd Kvaal: Gråstein og lengsel: peilinger i Alfred Hauges tema og litterære landskap, 1985
Pedersen, Odd Kvaal, red.: Alfred Hauges landskap, 1975
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995
Sjåvik, Jan: "Alfred Hauges retorikk i Utstein Kloster-syklusen". NLÅ 1983 , 82-95
Sørbø, Jan Inge: Angen av bork og ein brennande einerbusk: om Alfred Hauges forfattarskap, 2001

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 26.05.2010
Sist oppdatert: 13.04.2018