Hopp til innhold

Andreas Haavoll

Andreas Johannes Haavoll, bankmann og redaktør. I til saman over førti år var han redaktør i den viktigaste nynorskavisa for vaksne og det einaste nynorskbladet for barn.

Haavoll var fødd i Ørsta 25. september 1869 og døydde 6. mars 1958. Etter lærarutdanning på Hamar var han lærar og bankmann i over tjue år. Han var medarbeidar i Vestmannen i Volda 1887–88 og i mange andre aviser før han sjølv skipa bladet Nordmør i 1903.
 
Haavoll var medeigar og disponent i Den 17de Mai frå 1910. Her blei han ein fortruleg for Rasmus Steinsvik i både avisdrift og familiespørsmål. Då Steinsvik døydde brått i 1913, tok Haavoll over som redaktør fram til 1917. Då hadde han alt sidan 1912 vore utgivar av Norsk Barneblad, der han var redaktør 1916–54, mest alle åra åleine.
 
Andreas Haavoll var med og skipa Det Norske Teatret i 1912 og arbeidde i landsmålsdelen i forsikringsselskapet Norske Atlas 1918–21.
 
Han var æresmedlem i blant andre Norsk Bladmannalag, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 12.12.2017