Hopp til innhold
Anniken Hauglie. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.
Anniken Hauglie. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.
X
Innhald

Anniken Hauglie

Anniken Hauglie, cand.polit. og politikar, tidlegare byråd for kunnskap og utdanning i Oslo. Frå desember 2015 er ho arbeids- og sosialminister i Noreg.

Anniken Hauglie er fødd 10. september 1972 i Oslo og voks opp i Ski i Akershus. Ho var elev ved Kontra videregående skole i 1989–91, er utdanna cand.polit. med hovudfag i sosiologi frå Universitetet i Oslo i 2000 og skreiv hovudfagsoppgåve med tittelen «I skyggen av den kalde krigen», der ho samanlikna krigane i Bosnia og Algerie. Hauglie har òg mellomfag i statsvitskap og grunnfag i livssyn og etikk, og ho studerte prosjektleiing ved BI i 2006.

Hauglie har arbeidd som politisk rådgivar for Akershus Høgre, var sosialpolitisk rådgivar for stortingsgruppa til Høgre i 2001–03 og politisk rådgivar for sosialminister Ingjerd Schou i Bondevik 2-regjeringa i 2003–05. I 2005–06 var ho rådgivar i Forbrukarrådet, og ho var kommunalpolitisk rådgivar for stortingsgruppa til Høgre fram til 2010. Hauglie var byråd for helse og sosiale tenester i Oslo i 2010–13 og byråd for kunnskap og utdanning i 2013–15. Ho blei arbeids- og sosialminister i Erna Solberg si blå-blå regjering i desember 2015.

Ho var medlem av DSK/Minerva i 1990-åra, og i 2012–13 var ho medlem av programkomiteen i Høgre.

Kjelder

Pressemelding om Anniken Hauglie, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/anniken_hauglie_politisk_radgiver/id248735/ [lesedato 15.12.2015]

«Anniken Hauglie pekes ut som ny NAV-minister», vg.no: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/solberg-regjeringen/anniken-hauglie-pekes-ut-som-ny-nav-minister/a/23580103/[lesedato 15.12.2015]

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie ( H ), regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/asd/org/arbeids--og-sosialminister-anniken-hauglie/id2467658/

[lesedato 17.12.2015]

Om Anniken Hauglie på nettsida til Høgre, hoyre.nohttps://hoyre.no/personprofiler/a/h/anniken-hauglie/ [lesedato 23.1.2019]

Peikarar

«Høyrebyråd ut mot egen regjering», nrk.no: http://www.nrk.no/norge/mange-vil-ha-barnehageplass-1.11641989



Først publisert: 17.12.2015
Sist oppdatert: 23.01.2019