Hopp til innhold
X
Innhald

Arild Haaland

Arild Petter Haaland, filosof og samfunnsdebattant. Han var ein filosof på torget, med brukstankar for dei mange.

Haaland var fødd 13. desember 1919 i Bergen og døydde same staden 24. januar 2012. Han tok examen artium på Sydneshaugen skole i 1939 og magistergraden i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1947. I 1956 vart han dr.philos., og 1962–87 var han førstelektor, så førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Bergen. Åra 1965–67 var han ved Universitetet i Tromsø.

Liksom andre i den tidlege etterkrigsgenerasjonen av norske filosofar var Haaland oppteken av føresetnadene for nazismen, som var emnet for doktorgradsavhandlinga hans, og av spørsmål som hadde med krig og fred å gjere. I 1952 gav han ut boka Den frosne freden, ein kritikk av den kalde krigen. Verdispørsmål stod sentralt i den filosofiske verksemda hans. I 1971 kom boka Vekst og verdi, ei omfattande drøfting av livsverdiar.

Haaland var ein aktiv og ofte provoserande samfunnsdebattant, ein filosof for torget. Han engasjerte seg tidleg mot Fellesmarknaden, det som seinare vart EEC, EF og så EU. Han skreiv bøker om både avisdaude og kyrkjedød, om kjønn og sinn, om gymnaset, og om løn, skatt og det gode liv

Han skreiv òg om diktarar som Ibsen, Hamsun og Shakespeare, om biletkunstnaren Karl Erik Harr, vevaren Synnøve Anker Aurdal og skulptøren Arnljot Haukeland. I dei seinare leveåra la han ned arbeid og pengar i restaurering av eldre hus fleire stader i landet.

Haaland var i mange år medlem av Vestmannalaget og var dei siste åtte–ni åra æresmedlem. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1979 og fekk Fritt Ords pris i 1993. I 2007 vart han heidra med Melzerfondet sin spesialpris for innsatsen ved og utanfor Universitetet i Bergen.

Lydklipp: Høyr Arild Haaland i radioprogrammet «På livet laust» på NRK frå 1998, intervjua av Åshild Ulstrup:


Kjelder

Vilhelm Aubert mfl.: Tenk en gang til. Oslo 1952
Jon Askeland: «Leikande livskraft». Minneord, Bergens Tidende 8.2.2012
Jon Askeland: «Minneord». Bergensavisen 7.2.2012
Odd Erik Bostrøm og Arild Utaker (red.): Arild Haaland. Brukstanker. Festskrift til Arild Haalands 75-årsdag. Bergen 1994
Arild Haaland: Den frosne freden. Innfall og utfall mot den kalde krig. Oslo 1952
Arild Haaland: Fellesmarkedet og Norges frihet. 150 spørsmål og svar. Bergen 1962
Arild Haaland: Nazismen i Tyskland. En analyse av dens forutsetninger. Bergen 1955
Arild Haaland: Vekst og verdi. Oslo 1971
Arild Haaland: Til forsvar for kannibalisme. Oslo 1969
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1939. Oslo 1964
Arnljot Strømme Svendsen: «Arild Haaland». Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001

Peikarar

Nettv: «Mellom himmel og jord: Arild Haaland», sendt 26.10.19993, tv.nrk.no

Først publisert: 21.09.2011
Sist oppdatert: 06.03.2018