Faktaboks

Arne Hadland
Fødd
9. april 1947, Hellevik i Eigersund, Rogaland

Arne Hadland er organist og domkantor. Hadland har prega det kyrkjemusikalske livet i Rogaland i ein mannsalder.

Bakgrunn

Arne Hadland er fødd i Hellvik i Eigersund, Rogaland. Han har organisteksamen frå Rogaland Musikkonservatorium (1967) (no Universitetet i Stavanger) og kantoreksamen frå Musikkonservatoriet i Oslo (1971) (no Noregs musikkhøgskule). Sentrale lærarar var Lars Mæland, John Lammetun og Grethe Krogh. Etter avslutta studiar har Hadland gjennomført fleire studieopphald med vekt på korleiing i England.

Organistkarrieren

I 1962 fekk han si første teneste som organist i Hillevåg kirke i Stavanger. Sidan har han kontinuerleg vore organist i ulike kyrkjer. I all hovudsak har han hatt tilhald i Rogaland, men i tiåret 1975–1985 var han tilsett i Borgund kyrkje i Ålesund. Frå 1985 og til han gjekk av med pensjon i 2009 var han domkantor i Stavanger.

Som domkantor har Hadland vore leiar for Domkirkens Guttekor, Domkirkens Motettkor, Domkirkens Ungdomskantori, Domkirkens Studentkor og Domkirkens Kammerkor. Desse kora vann i denne perioden fleire prisar i internasjonale konkurransar. Som dirigent og organist har han elles gjennomført ei lang rekkje konsertar i Noreg og vore på turnear i Europa, USA og Canada.

Han har òg arbeidd som høgskulelektor ved Rogaland Musikkonservatorium, der han i 1987–1997 underviste i kordireksjon, kantoripraksis og kontrapunkt.

Utmerkingar

Hadland er tildelt Kongens fortenestemedalje (2007) for verksemda som korleiar, og han fekk Stavanger kommunes kulturpris i 2009. Same året vart han heidra med Davidsharpen av Norges kirkesangforbund.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg