Hopp til innhold
Foto: Katolsk.no
Foto: Katolsk.no
X
Innhald

Arnfinn Haram

Arnfinn Andreas Haram, dominikanarpater, teolog og samfunnsdebattant. I tillegg til sitt daglege virke som kantor og prior i St. Dominikus kirke i Oslo markerte Arnfinn Haram seg som ein både frittalande og sindig samfunnskritikar.

Arnfinn Haram var fødd 25. september 1948 i Ålesund og døydde 10. juni 2012 i Oslo. Han voks opp i Haram og på Stranda. Etter å ha teke teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet hausten 1979, byrja Haram på prestetenesta i Den norske kyrkja. Han var sokneprest i Loddefjord og seinare prost i Bergen domprosti, før han i 1998 konverterte til katolisismen. Dei katolske gradane tok han i Frankrike og Italia. I 2002 gav han dei evige lovnader i St. Dominikus kirke, og året etter vart han vigd til prest same staden.
Haram var ein ivrig samfunnsdebattant. Han var fast spaltist i Klassekampen og skreiv ofte i andre dags- og vekeaviser, i teologiske tidsskrift og på sin eigen blogg. Han var òg bidragsytar til fleire bøker. Skriftstykka til Haram er prega av eit klart og enkelt, men sterkt og verknadsfullt språk. Meiningane hans var òg klare og sterke, og jamvel om Haram skreiv frå ein konservativ katolsk ståstad, hadde han ofte politisk radikale synspunkt. Han markerte seg tidleg som motstandar av statskyrkjeordninga og det han kalla «illusjonen om folkekyrkja». Haram sat òg i ei nemnd som på oppdrag frå den katolske biskopen i Oslo omsette den katolske messeboka Missale Parvum til nynorsk.
Haram si bok Tre Florentinarar. Essay og artiklar om religion, kultur og samfunn, vart utgitt i 2009. Ho inneheld tidlegare publiserte essay og artiklar om alt frå Cicero til Cupido. Det er ei mangslungen bok, som viser at munken hadde breie kunnskapar og interesser, både innanfor og utanfor teologien.
I 2008 vart Sunnmørsmunken. Festskrift for Arnfinn Haram OP utgitt i samband med 60-årsdagen hans.
Kjelder
E-postar frå Arnfinn Haram 31.5. og 1.6.2012
E-post frå Leif Arne Løhaugen, Det Teologiske Meninghetsfakultet, 24.7.2012
Arnfinn Haram, persongalleri, katolsk.no, sist oppdatert 13.6.2012: http://www.katolsk.no/biografier/innenriks/aharam [lesedato 1.6.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.10.2012
Sist oppdatert: 24.10.2012