Hopp til innhold
Foto: Johanna Diehl, festspela.no
Foto: Johanna Diehl, festspela.no
X
Innhald

Arve Henriksen

Arve Henriksen, allsidig trompetist og komponist med stor suksess både nasjonalt og internasjonalt.

Arve Henriksen er fødd 22. mars 1968 og voks opp i Stryn i Sogn og Fjordane. Det første møtet med trompeten fekk han i det lokale korpset, og som ung spela han mellom anna New Orleans-musikk med noverande tubaist i Ytre Suløens Jassensemble, David Gald. Då han var ferdig med grunnskulen, tok han til på musikklina ved Firda Gymnas i Gloppen.
I Firda Storband vart han betre kjend med jazzmusikken, som han heldt fram med på jazzlina ved Trøndelag Musikkonservatorium i Trondheim frå 1987 til 1991. Sidan 1989 har han arbeidd som frilansmusikar og har vore med på meir enn hundre plateutgivingar. I tillegg til soloplater og plater med gruppa Supersilent har han spela med mellom andre Christian Wallumrød, Imogen Heap, Karl Seglem, Kari Bremnes, David Sylvian og Odd Nordstoga.
Han har fått Radka Toneffs minnepris og Buddyprisen og har vore artist «in residence» både på Moldejazz og Moers Jazzfestival. I dag er han gift med den svenske songaren Anna Maria Friman og bur på Eidsvoll Verk.
Spelestil
Arve Henriksen har ein svært karakteristisk mjuk og luftig trompettone, som gjennomsyrar det meste han gjer. Han er tydeleg påverka av trompetisten Jon Hassel, men òg av den japanske shakuhachi-musikken, som med sine meditative og minimalistiske ideal har vore med på å forme Henriksen til ein heilt unik trompetist. Fordjupinga i japansk musikk kulminerte med den første soloplata hans, Sakuteiki (2001).
Heilt frå ungdomen av har Henriksen vore oppteken av å eksperimentere med ulike former for elektronisk musikk. Etter at Helge Sten vart med i Supersilent, har Henriksen arbeidd regelmessig med elektroniske uttrykk, noko han òg har teke med seg i soloarbeidet sitt. Ein spesielt viktig samarbeidspartnar på dette området dei siste åra har vore Jan Bang, som ofte samplar og bearbeider trompetlyden til Henriksen under konsertane deira.
Dei siste åra har Henriksen òg arbeidd mykje med å utvikle songstemma. På konsertar og plater syng han ofte lange parti utan tekst eller berre med språklydar utan tilsynelatande meining. Songstilen hans er inspirert av svært ulike stilartar, frå arabisk minaretsong til strupesong frå republikken Tuva i Sibir.
Veslefrekk/Supersilent
Veslefrekk var ein trio der Henriksen spela saman med Ståle Storløkken og Jarle Vespestad, som studerte saman med han på jazzlina i Trondheim. Dei tok til å spele saman i 1989 og gav ut den sjølvtitulerte debutplata si på NORCD  i 1994. I 1997 spela dei på Nattjazz, saman med støymusikaren Helge Sten (aka Deathprod), og samarbeidet med han var så vellukka at han vart fast medlem i gruppa. Dei skifta namn til Supersilent og gav ut den første plata si, 1–3 (Rune Grammofon 1997), same året.
 
Platene deira er lange, frie improvisasjonar som vert redigerte i etterkant, utan at ny lyd vert lagd til. Lydbiletet er svært variert, frå eksplosive støyparti til minimalistiske, neddempa delar. Sidan debutplata i 1997 har dei gitt ut fem plater til: 4 (1998), 5 (2001), 6 (2003), 8 (2007) og 9 (2009), alle på Rune Grammofon. I tillegg har dei gitt ut ein konsert-DVD, 7 (2005). Alle platene deira har fått meir eller mindre samstemt ros frå kritikarane, og for 6 fekk dei i 2004 Alarmprisen i klassen for jazz. Veslefrekk gav ut avskjedsplata Valse Mysterioso (NORCD) med originalbesetninga i 2004.
Soloplater
Den første plata Henriksen gav ut åleine, var Sakuteiki (Rune Grammofon 2001). På coveret skildrar han plata biletleg som ei avhandling om hagar, tydeleg inspirert av japansk musikk og estetikk. På Chiaroscuro (Rune Grammofon 2004) kom Jan Bang og Erik Honoré inn som produsentar og utvida lydpaletten til Henriksen.
I 2007 kom Strjon (Rune Grammofon), der Henriksen brukte av musikalske idear og opptak han hadde samla på sidan 16-årsalderen. Den første plata hans på det prestisjetunge plateselskapet ECM kom i 2008, med Cartography. Ei rekkje av dei tidlegare samarbeidspartnarane til Henriksen var involverte på denne plata, og lydbiletet er meir prega av sampel og orkesterlyd. Mellom dei som er med, er Honoré og Bang, komponist Helge Sunde, David Sylvian og Trio Medieval. Igjen var kritikarane svært begeistra. Den førebels siste plata hans er Ellivan (NORCD 2009), der Henriksen sin musikk er blanda med arkivopptak av nordfjorddiktaren Elling Vanberg.
Kjelder
Ida Habbestad: «Arve Henriksen: Ettertenksam kartteikning», intervju med Arve Henriksen, publisert 24.10.2008, http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2008102410590815671778 [lesedato 10.4.2012]
Eyal Hareuveni: «Veslefrekk: Valse Mysteriose», AllAboutJazz, publisert 10.12.2004, http://www.allaboutjazz.com/php/article.php?id=15769 [lesedato 10.4.2012]
Arve Henriksen sin omtale av Strjon, http://www.arvehenriksen.no/discography/strjon.htm [lesedato 29.6.2010]
«Arve Henriksen», NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Arve_Henriksen [lesedato 10.4.2012]
Arve Henriksen si Myspace-side, http://www.myspace.com/arvehenriksen [lesedato 28.6.2010]
«Supersilent»,  biografi frå Eggum, Ose og Steen (red.): Norsk pop- og rockleksikon (2005) på ballade.no, publisert 6.8.2006, http://www.micmedia.no/nmi.nsf/doc/art2006053011251441881437 [lesedato 10.4.2012]
Tone Magni F. Vestheim, intervju med Arve Henriksen, publisert i Dagsavisen 13.7.2009, http://www.dagsavisen.no/kultur/article426042.ece lesedato 28.6.2010]
 
Peikarar

Først publisert: 10.04.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018