Hopp til innhold
Atle Hansen. Foto: Marius Knutsen / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
Atle Hansen. Foto: Marius Knutsen / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Atle Hansen

Atle Hansen er ein allsidig og røynd forfattar, journalist, formidlar, musikar og songar. Han skriv bøker og musikk for barn og vaksne og samarbeider ofte med andre kunstnarar.

Atle Hansen er fødd 18. november 1954 i Mosterhamn i Bømlo og er sidan 1970 busett på Stord. Han gjekk på Stord yrkesskule for handel og kontor åra 1972 til 1973. I perioden 1980 til 1986 var han student ved Universitet i Bergen. Her studerte han sosiologi, før han vart cand.mag. i fagkrinsen litteraturvitskap og teatervitskap. Seinare heldt han fram med hovudfagsstudium i litteraturvitskap.

Hansen var journalist i avisa Sunnhordland frå 1987 til 2017. Han var ein av initiativtakarane til barnebokfestivalen Falturiltu på Stord og var med i programkomiteen for festivalen i fem år frå starten i 2007. I åra 2007 til 2012 var han medlem i det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU).

I 1997 debuterte han som barnebokforfattar med Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Debuten slo an tonen for seinare talrike barne- og ungdomsbøker, mest spenningsromanar. Mellom desse er Det kvite pulveret (2006), Den svarte oksen (2009), Flukt (2012) og Svartedalen (2015). Den første boka for vaksne, Sargasso, kom i 2002. Han følgde opp vaksenboksuksessen med Som ein engel i 2005, ein frodig vestlandsk oppvekstroman frå 1960-åra, der både erotikk, bedehus og popmusikk byggjer handlinga. Hansen er representert i fleire antologiar.

Som musikar, vokalist og bandmedlem har han vore aktiv heilt sidan tenåra og har gitt ut fleire plater. På dei fleste har han tonesett tekstar av andre forfattarar, til dømes Per Olav Kaldestad, Arnt Birkedal, Dag Helleve og Rune Belsvik. Samarbeidet med Ragnar Hovland resulterte i Hansen si første plate, Trøysteslaus hotell i 1985.

I 1996 fekk Hansen Vinjeprisen for den nynorske journalistikken sin. Han fekk Hordaland Mållags pris i 1984 for plata Trøysteslaus hotell, saman med Ragnar Hovland. For ungdomsromanen Flukt fekk han i 2013 Ordknappen, eit heidersprov frå Foreningen !les.

Kjelder

E‑post frå Atle Hansen 6.9.2017

Nettsida til Atle Hansen, atlehansen.net: http://www.atlehansen.net/Atle_Hansen_sine_heimesider/Atle_Hansen.html [lesedato 11.12.2017]

Atle Hansen, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/atle-hansen [lesedato 11.12.2017]

Peikarar

Svein Olav B. Langåker: «Atle Hansen: – Eg har alltid prøvd å skriva spennande bøker», framtida.no  

Atle Hansen: Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Oslo 1997. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Bibliografi i oria.no

Først publisert: 10.06.2018
Sist oppdatert: 18.11.2019