Hopp til innhold

Audun Heskestad

Audun Heskestad, forleggjar og målmann. Han fullførte den moderniseringa av Det Norske Samlaget som blei sett i gang kring 1960.

Heskestad er fødd på Heskestad i Dalane 9. november 1942. Han tok juridisk embetseksamen i 1969 og var sekretær i Kringkastingsringen 1970–71. I 1971 blei han tilsett som økonomisjef i Det Norske Samlaget. Han var forlagssjef 1980–2004 og var deretter spesialrådgivar i forlaget til 2009.
 
Heskestad blei etter kvart ein av dei mest profilerte og respekterte norske forleggjarane, med finstemd sans for gode kompromiss og målretta lobbyverksemd overfor storting og departement. Han fullførte den moderniseringa av Samlaget som Johs. Aanderaa hadde sett i gang i 1958 og Andreas Skartveit hadde ført vidare i perioden 1973–78.
 
Heskestad var formann i Den norske Forleggerforening 1990–93, der han også har hatt ei rekkje andre verv, til dømes som leiar for stiftinga Den Norske Bokprisen (Brageprisen) frå 1992 til 2004. Han var styreleiar i Nynorsk Pressekontor frå 2006 til 2010.
 
Heskestad blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag i 2006. I 2011 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
 
Kjelder
09.11.42. Festbok til Audun Heskestad. Oslo 2002
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 29.10.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013