Hopp til innhold
Foto: Bjørn Stuedal/ Regjeringa
Foto: Bjørn Stuedal/ Regjeringa
X
Innhald

Bent Høie

Bent Høie, hotellfagutdanna stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland og helse- og omsorgsminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013.

Bent Høie er fødd 4. mai 1971 i Randaberg i Rogaland. Han tok handel- og kontorfag ved Randaberg videregående skole i 1987–90, grunnfag i jus ved Universitetet i Bergen i 1991 og hotelladministrasjon ved Norsk hotellhøgskole i 1991–93. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland frå 2000 til 2013, før han blei helse- og omsorgsminister i Solberg-regjeringa i 2013.
Høie var leiar av Rogaland Unge Høgre i 1990–92 og medlem av sentralstyret i 1993–95. Han var kommunestyremedlem for Høgre i Randaberg i 1991–95 og i Stavanger i 1999–2003, medlem av fylkestinget i Rogaland i 1991–99 og sat i fylkesutvalet i 1999–2000. Frå 2000 til 2002 var han leiar av Stavanger Høgre, og han blei vald til 2. nestleiar i partiet i 2010. Høie var vararepresentant til Stortinget for Rogaland Høgre i 1993–2001, men har møtt fast sidan 2000. Han har vore medlem i fleire komitear, og i den siste perioden var han leiar av helse- og omsorgskomiteen.
Han har markert seg som erfaren, kompetent og dugande innanfor helse- og sosialpolitikken. Høie har brei tillit, også utanfor kjernerekkjene til Høgre. Som helse- og omsorgsminister har han no fått ansvaret for politikken knytt til sjukehus, helsetenester i kommunane, rus, psykisk helse og førebygging. Med Høie som helse- og omsorgsminister ønskjer den nye regjeringa å gjennomføre reformer i helsevesenet.
Høie har hatt fleire offentlege verv, mellom anna har han vore leiar av styret for Stavanger Forum A/S i 2000–05 og medlem av styret for Offshore Northern Seas (ONS) i 2000–07. Han var òg leiar av styret for stiftinga Dysleksiforskning i 2000–06.
Kjelder
Bent Høie, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=BENH [lesedato 20.10.2013]
Peikarar
«Høie: – Jeg har vurdert min habilitet», aftenposten.no

Først publisert: 23.01.2014
Sist oppdatert: 23.01.2014