Hopp til innhold
X
Innhald

Bente Hemsing

Bente Ingholm Hemsing, fiolinist, hardingfelespelar og dagleg leiar for Austnorsk folkemusikksenter.

Bente Ingholm Hemsing er fødd 23. juni 1958 i Oslo og er no busett i Valdres. Ho tok artium ved Grefsen gymnas i Oslo og utdanna seg deretter som fiolinpedagog og instrumentalist ved Østlandets Musikkonservatorium (1983). I tillegg har ho mellomfag i folkeminnevitskap (1985) og hovudfag i musikkvitskap med vekt på folkemusikkemne (1993) frå Universitetet i Oslo.
Hemsing har i fleire år vore aktiv folkemusikar. Først og fremst har ho fordjupa seg i felemusikk, med vekt på tradisjonsmusikken frå Valdres, med Harald Røine og Trygve Bolstad som læremeistrar. Ho har òg halde på med song og dans, og med desse tre områda som uttrykksform var ho distriktsmusikar i Valdres folkemusikkgruppe frå 1988 til 1997. Ho har òg vore på fleire turnear for Rikskonsertane, seinast til India i 2006.
Klassisk musikk har òg interessert Hemsing. Ein periode arbeidde ho som musikar i Stavanger Symfoniorkester og i Oslo Barokkorkester. Ho har òg vikariert i andre orkester og har ulike oppdrag som frilansmusikar.
I tillegg er Hemsing ein aktiv pedagog og har arbeidd i kommunale kulturskular, undervist i musikk i vidaregåande skule og halde foredrag om tradisjonsmusikk på høgskulenivå. Ho har undervist ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og ved Valdres Sommersymfoni.
Frå 1997 til 2002 var Hemsing arkivar i Valdres folkemusikkarkiv. I dag er ho tilsett som dagleg leiar i Austnorsk folkemusikksenter, tidlegare Rytmisk kompetansenettverk for Østlandet.
Kjelder
E-post frå Bente Hemsing 20.5. og 10.7.2011
«Bente I. Hemsing», nettstaden til Hemsing-musikarane, hemsing.nohttp://hemsing.no/index.php?option=com_content&task=view&id=16&Itemid=0 [lesedato 21.7.2010]

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012