Birger Hatlebakk
Birger Hatlebakk, sivilingeniør og oppfinnar, industriskapar med lokal forankring og internasjonal rekkjevidd.
Birger Hatlebakk, sivilingeniør og oppfinnar, industriskapar med lokal forankring og internasjonal rekkjevidd.
Birger Hatlebakk var fødd i Fræna kommune i Møre og Romsdal 20. august 1912 og døydde i Molde 27. mars 1997. Han arbeidde på broren sin mekaniske verkstad i 1928–32, gjekk realskule og gymnas i Molde i 1932–36 og vart uteksaminert som maskiningeniør ved Noregs Tekniske Høgskole i 1940.
Frå 1941 til 1953 var Hatlebakk tilsett som lærar ved Trondheim tekniske skole. Den vitskapelege teften og den praktiske dugleiken hans kom snart for dagen. Han konstruerte vindmøller, og i 1948 fann han opp glamoxeringsmetoden, som han tok i bruk i produksjon av lysarmatur. Fabrikken vart flytta til Molde i 1957 og ekspanderte i inn- og utland.
Frå 1970 utvikla Hatlebakk Moxy-dumparen, ein anleggsmaskin til å frakte materiale i ulendt terreng, og dumparen vart sett i produksjon i Fræna i 1974. Moxy-dumparen selde godt, men bedrifta sleit økonomisk, og etter to konkursar vart Moxy-fabrikken kjøpt opp av eit engelsk firma i 1983. Hatlebakk meinte at konkursane kunne ha vore unngått. Han kjende seg motarbeidd av offentlege og private kreditorar og av konkurrentar, ein prosess han skriv utførleg om i boka Dragkampen om norsk industri. Tilfellet Moxy.
Hatlebakk samla dei mange bedriftene sine i selskapet Glamin i 1971. Då selskapet var på høgdepunktet rundt 1980, hadde Glamin nesten tusen tilsette og var ein av dei største arbeidsplassane i landet.
I 1979 fekk Hatlebakk tildelt ein internasjonal pris for innsatsen sin som industribyggjar, i 1993 fekk han Norske Ingeniørers Forenings gullmedalje for teknisk utvikling.
Kjelder
Per Arnt Harnes: «Gründeren Birger Hatlebakk», Romsdal sogelag. Årsskrift 1999. Molde 1999
Birger Hatlebakk: Dragkampen om norsk industri. Tilfellet Moxy. Oslo 1983
Sist oppdatert: 20.08.2015