Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Christopher Hornsrud

Christopher Hornsrud, politikar og formann i Arbeidarpartiet. Han var statsminister i berre atten dagar, men levde lenger enn nokon annan regjeringssjef i verda, i 101 år.

Christopher Hornsrud vart fødd 15. november 1859 på Øvre Eiker og døydde 13. desember 1960. 
 
Utover i 1920-åra var det ei viss revolusjonsfrykt også i Noreg, og ho var i alle fall sterk nok til å bli ein viktig impuls for skipinga av Fedrelandslaget i 1925, men i ettertid er det lett å sjå at frykta kvilte på eit spinkelt grunnlag.
Splittingsår
Det finst ikkje noko dokumentasjon på at arbeidarrørsla i Noreg har planlagt noko som kan likne på ein revolusjon. Historikaren Hans Fredrik Dahl viser såleis til at det gjekk fleire liv tapt som følgje av brennevinsforbodet enn det har gjort på grunn av revolusjonær verksemd her i landet. I splittingsåra med tre parti, sosialdemokratane, kommunistane og Arbeidarpartiet, var det heller ikkje styrke nok til nokon revolusjon.
Etter at Arbeidarpartiet og sosialdemokratane gjekk saman i januar 1927, var det ei anna frykt som melde seg på borgarleg side, og det var at dei sosialistiske partia kunne vinne fleirtal ved val. Det skulle enno gå 18 år fram til det skjedde, men ein fekk eit forvarsel ved valet i 1927.
Då gjekk regjeringspartia Høgre og Frisinna Venstre tilbake frå 33 til 25 prosent, mens det no samla Arbeidarpartiet auka stemmetalet frå 18,5 til 36,8 prosent. Samstundes var veljarane lei av mange år med innstramming og tronge tider. No hadde Arbeidarpartiet med sine 59 mandat blitt det største på Stortinget. Regjeringa Lykke leverte sin avskjedssøknad, og spørsmålet alle stilte seg var kven som no skulle få makta.
«En ting må ikke hende. Regjeringsmakten må ikke leveres over til kommunistene», skreiv Aftenposten på leiarplass, og med kommunistane sikta avisa til Arbeidarpartiet. Det var også heilt klart målet for dei borgarlege partia å hindre at Arbeidarpartiet skulle få regjeringsmakt. Eigentleg trudde vel ikkje dei borgarlege partileiarane at Arbeidarpartiet ville ha regjeringsmakt.
Då Lykke gjekk av viste han kong Haakon til den parlamentariske leiaren i Bondepartiet, Johan E. Mellbye. Kongen ba han finne ut om det var mogeleg å skipe ei borgarleg fleirtalsregjering. Det stranda på Johan Ludw. Mowinckel, Venstres leiar, som på vegne av partiet sitt sa tvert nei til å delta i ei borgarleg samlingsregjering.
Mowinckel rekna nok med at han ville bli den neste som fekk regjeringsoppdraget når Mellbye sitt forsøk fall i fisk. Kongen vart så av Mellbye fortalt at ei borgarleg fleirtalsregjering var uråd. Dernest gjekk ikkje bodet til Mowinckel, men kongen kalla i staden til seg stortingspresident C. J. Hambro.
Det utenkjelege vart tenkjeleg
Det var ingen uvanleg framgangsmåte. Derimot var det høgst uvanleg at kongen samstundes ba visepresidenten i Stortinget, Christopher Hornsrud frå Arbeidarpartiet om å møte saman med Hambro.
Kongen si grunngiving var at Hambro representerte det partiet som hadde tapt valet, mens visepresident Hornsrud representerte sigerherren. På møtet forklarte kong Haakon at det ikkje var grunnlag for ei borgarleg fleirtalsregjering, og han spurte kva råd presidentane ville gi. Hornsrud svarte at regjeringskrisa burde løysast med bakgrunn i valresultatet, og då ville det konstitusjonelt vere rett av kongen å vende seg til det største partiet, Arbeidarpartiet, først. Det same meinte kongen, men han sa det ikkje.
Han varsla dei to presidentane at han ville kalle inn gruppeleiarane og bad Arbeidarpartiets Alfred Madsen kome først. Det vart oppfatta som sensasjonelt. Den same Madsen hadde vore ein av dei fremste kritikarane av kongehuset og kongedømmet.
Madsen møtte på Slottet og lova kongen at han ville finne ut om Arbeidarpartiet kunne skipe regjering. Etter møtet vart han spurt om kva kongen hadde sagt til han. Bergensaren Madsen svara med glimt i auga: «Kongen sa: Jeg er også sosialdemokrat - dog ikke republikaner.»
Seinare same dag hadde kongen samtalar med dei parlamentariske leiarane i dei andre partia, og då fortalde han om samtalen med Madsen. Dagen etter kom Madsen tilbake og melde frå om at Arbeidarpartiet tok på seg regjeringsoppdraget. Det utenkjelege var i ferd med å bli tenkjeleg.
Sjå video frå NRK Skole, sendt 21.8.1962: "Den aller første Ap-regjeringa":
 
Tvinga til embetet
Det var eigentleg i strid med partiets offisielle line at ein skulle skipe regjering utan å ha fleirtalet i Stortinget. Ein ville ikkje risikere å bli «gislar for borgarleg politikk». «Ministersosialisme», det at sosialistar skulle delta i borgarlege regjeringar, var eit skjellsord i arbeidarrørsla.
«Men er dere blitt spenna gærne da, gutter?» sa nestformannen i Arbeidarpartiet, Edvard Bull, då han kom heim att frå ei reise til Stockholm og fann ut at partiet ville skipe regjering. Med ti mot seks stemmer hadde sentralstyret i partiet vedteke å skipe regjering. Bull var kraftig imot.
 Sentralstyret vedtok også at Johan Nygaardsvold skulle bli statsminister, men Nygaardsvold ville ikkje. Han reiste seg «som en rasende slagbjørn» og gjekk frå møtet. Då partileiaren, Oscar Torp, oppsøkte han like etter, var Nygaardsvold i ferd med å pakke kofferten for å reise heim att til Hommelvik. Torp fekk han til å bli verande, men berre ved å love at han ikkje skulle bli statsminister. I staden vart det veteranen Christopher Hornsrud som skulle skipe regjering, truleg den minst revolusjonære av dei alle. Han vart også finansminister.
Som utanriksminister skulle ha få med seg ein av dei mest radikale, nestleiaren Edvard Bull. Som ein slags kommissær skulle han vere «vakthund for partiets prinsipper». Hornsrud sa seinare i talen sin til Ap-landsmøtet i 1930 at han måtte tvingast til å ta jobben som statsminister.
Kritiske til kongen
I det siste statsråd i regjeringa Lykke den 27. januar var det ei særs bitter stemning. Der opplyste den avgåande statsminister at den nye regjeringa hadde kome i stand utan at den sitjande regjeringa hadde vore rådspurt.
Fleire av statsrådane var svært kritiske overfor kongen, men kong Haakon forsvarte seg med at han og kronprins Olav, som også var til stades, skulle halde fram i stillingane sine, mens regjeringar kom og gjekk. Det måtte difor ikkje råde tvil om at kongen har plikt til å følgje konstitusjonell praksis, og det var det han hadde gjort.
Utan tvil medverka nok også Hornsrud-regjeringa til at mange i Arbeidarpartiet gradvis fekk eit meir positivt syn på kongen, men det tok si tid. Under grunnsteinnedlegginga for Oslo Rådhus knappe tre år seinare, sende Ap-ordførar Adolf Indrebø ikkje invitasjon til kongen, men kong Haakon ordna billett til både seg og kronprinsen likevel. Dei var begge bidragsytarar til rådhuset, og hadde difor rett på ein billett kvar.
Regjeringa Hornsrud kunne sjølvsagt ikkje bli langvarig. Regjeringsfråsegna var utforma av utanriksminister Edvard Bull, og ho var sterkt utfordrande. Mellom anna sto der at regjeringa ville «lette og forberede overgangen til et sosialistisk samfunn». Både i Høgre og i Venstre hadde ein opphavleg tenkt seg å vente med å felle regjeringa til ho hadde fått lagt fram nokre saker, men det skulle vise seg at det var eit nei frå regjeringa som vart utslagsgivande.
Mistillit
Både bedriftslivet og privatpersonar hadde heilt sidan Arbeidarpartiet sin valsiger teke til å sende sparepengane sine ut av landet. Alle tok Martin Tranmæl på alvor når han frå Stortingets talarstol i 1927 slo fast at «Det norske Arbeiderparti er fremdeles et revolusjonært klassekampparti». Dette skapte ei panikkstemning som fekk nasjonaløkonomiske følgjer.
Store delar av bankstellet vakla, og Noregs Bank ville ha statens garanti for ein innskotssentral som kunne hjelpe bankar i naud. Hornsrud sa nei. Då gjekk sentralbanksjef Nicolai Rygg til dei andre partileiarane og særleg til Venstre-leiaren, Johan Ludw. Movinckel, og ba dei om å felle regjeringa.   Bergens Privatbank var ein av bankane i fare, og også frå heimbyen hadde Mowinckel fått sterke oppmodingar om å bli kvitt regjeringa.
6. februar vedtok Venstre-gruppa på Stortinget å setje fram mistillitsframlegg i samband med debatten om regjeringsfråsegna.  Også Høgre og Bondepartiet hadde utarbeidd eigne mistillitsframlegg, men det vart Venstre sitt som vart vedteke om kvelden den 8. februar. 86 representantar røysta for, 63 mot.
Christopher Hornsrud gjekk på talarstolen og varsla at regjeringa ville levere inn søknad om avskjed. Den 15. februar var det slutt. Det viktigaste regjeringa hadde fått utretta på denne korte tida var kanskje at ho fekk slept fri Einar Gerhardsen og Arnfinn Vik frå fengsel, der dei sona dommar for antimilitær verksemd.
Ein bonde i Arbeidarpartiet
Christopher Hornsrud var 68 år det året han vart statsminister. Han var fødd på garden Horsrud på Øvre Eiker 15. november 1859. Det var han sjølv som sette ein n inn i namnet etter at han vart vaksen. Han hadde vel blitt mobba for etternamnet sitt. Hornsrud var meir aktverdig enn Horsrud.
Faren døydde året etter at Christopher var fødd og han måtte difor tidleg ut i skogs- og jordarbeid for å hjelpe mor si med økonomien. Han fekk jobb som handelsdreng hos ein landhandlar på Hønefoss, og snart vart han handelsmann sjølv. I 1891 kjøpte han morfaren sin gard, Åmot på Modum, og der dreiv han gardsbruk resten av livet. Han kom tidleg med i politisk arbeid, og var ein av dei første bøndene som var aktiv i Arbeidarpartiet.
Det var likevel venstremann han var først og i 1880 var han med å skipa venstreforening i Buskerud, og han kom med i kommunestyret. Etter stiftinga av Det norske Arbeidarparti i 1887 kom han med der, og deltok på landsmøtet i 1894. I 1901 utarbeidde han Arbeidarpartiets første jordprogram som han fekk vedteke på landsmøtet året etter. Arbeidarpartiet hadde opphaveleg gått inn for ein marxistisk jordbrukspolitikk med store fellesbruk. Det kom nok av at det var byfolk utan kunnskap om norsk jordbruk som leia partiet.
Hornsrud derimot kom frå bondestanden og kjende tilhøva. Han fekk vedteke at det var den arbeidande bonden som skulle eige garden. Det la grunnlaget for at Arbeidarpartiet fekk stor tilslutning også på landsbygda. 
Formann
På landsmøtet i 1903 vart han vald til formann i Arbeidarpartiet og sat til han sa nei til attval i 1906. Hornsrud var tilhengar av at Arbeidarpartiet burde samarbeide med andre parti, og det var særleg hans gamle parti, Venstre, han hadde i tankane. Han møtte motstand, og etter at han trekte seg frå formannsvervet i 1906, møtte han ikkje på eit einaste landsmøte før på samlingskongressen i 1927.
 I alle åra på Stortinget var det særleg landbrukssaker og økonomisk politikk han interesserte seg for. Han hadde stor respekt for Gunnar Knudsen og samarbeidde godt med han i krigsåra frå 1914 til 1918. Ved partisprenginga i 1920 følgde han det kommunistiske fleirtalet, endå om han vart rekna blant dei mest moderate i arbeidarrørsla. Han var lojal mot Det norske Arbeidarparti, og vart fram til 1924 vald til parlamentarisk leiar.
 Han sat på Stortinget frå 1912 til 1936. Då var han 77 år og sa frå seg attval. Han levde til 13. desember 1960 og vart altså over 101 år. Ingen annan norsk statsminister og heller ingen annan regjeringssjef i verda har levd så lenge, og Hornsrud har i ettertid kome i Guinness Rekordbok av den grunn. 
 
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/422244 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 21.10.2013